Kategoriarkiv: Fotball

Syril fotball og Fair Play

Syril fotball ynskjer å minne medlemmar av klubben om Fair Play.

Fotballen sine verdiar gjeld alle, uansett om me er spelar, trenar, tilskodar eller anna knytta til fotballen.

Fotballen sine verdiar er tryggleik, glede, respekt, likeverd og folkelighet. All fotballaktivitet skal skje innanfor trygge rammer, glede skal prege alle aktivitetar, alle er like mykje verdt og me skal vere opne, tydelege og inkluderande.

Fair Play handlar om korleis me oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana.

Fair Play handlar om respekt for andre. Me skal respektere medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, lagleiarar, foreldre med meir, sjølv om ein av og til er usamd. Usemje tek me opp i egna forum utanfor bana.

Syril fotball forventar at alle, uansett rolle og alder, utøver god Fair Play på alle våre arrangement, samt på arrangement me deltar på hjå andre klubbar.

Det vart høg temperatur på seniorkampen mot Kaupanger på laurdag. Engasjement er bra, men i dette tilfelle vart det i overkant i einskilde høve. Me vil at bana skal vera ein god møteplass og triveleg for alle, og at publikum er med å lage ein god stemning. Hugs at me som er vaksne er rollemodellar for ungane og ungdommane!

Me vil alle at det skal vera kjekt å vere i og rundt fotballmiljøet i Syril.

Fair play logo

Fotball-laurdag på Syril stadion

Laurdag 24.august arrangerar Syril fotball-laurdag. Det er sett opp fire kampar denne dagen. Klokka 11.30 skal G11 spele kamp mot Kaupanger, og J10 skal møte Sogndal. Klokka 13.00 er det klart for ny kamp. Då møter G 13/14 Vik, før dagen vert avslutta med kamp mellom Syril og Kaupanger i kretsligaen klokka 15.30. Det er open kiosk, grilling og god stemning. Møt opp for ein fotballrik dag på Syril stadion med mykje god fotball og mykje godt i kiosken.

I pausen på herrekampen mellom Syril og Kaupanger vert det markering av bronsejentene frå Norway Cup.

syril fotballdag

Barnefotballkveld onsdag 5. juni kl. 17.00

Fotballkretsen vil gjennomføra barnefotballkveld onsdag 5. juni kl. 17.00 på barneskulen/bana. Barnefotballkvelden er ein kveld med  praktisk/teoretisk temakurs som tek for seg korleis ein som klubb og klubbtrenar kan legge til rette for betre differensiert og jamn fotballaktivitet under trening og kamp. Kurset vil vera nyttig for alle trenarar i barnefotballen. Ein oppmodar at alle trenarar til å delta på barnefotballkvelden, også dei som ev. har delteke tidlegare.   Ein kan lesa meir om barnefotballkvelden på kretsen sine sider.

Kurs om skadeførebygging, behandling av akutte skadar og opptrening etter skade

Syril Handball og Syril Fotball inviterar til kurs om skadeførebygging.
Kursstad     :  Saften, Leikangerhallen
Dato            :  24. april 2019
Klokka         :  17.00
Kurshaldar :  Elise Thorsnes og Gunvor Halmøy
Syril Handball og Syril Fotball har eit sterkt ynskje om at alle trenarar og lagleiarar prioriterar å komme på kurset.  Det er de som er på banene med ungane og skal praktisere det me lærer på kurset. Viss det er foreldre og spelarar som ynskjer å komme å høyre på, er det opent for det.
Det blir ei praktisk økt der ein kan få prøve seg på å legge ein kompresjon og teiping.  Denne økta blir trenarar og lagleiarar prioriterte.
Påmelding innan SUNDAG 14/4-19 til kittyrenate5@hotmail.com