Kategoriarkiv: Fotball

Årets fotballskule 2025!

Syril er årets Tine fotballskule i Sogn og Fjordane for 2025! Det at mange tykkjer at vår fotballskule er so bra er både rørande og skikkelig stas! Me fekk prisen også i både 2022 og 2023, og det er tydeleg kontinuitet, dugnadsånd og velvilje frå frivillige og foreldre gjer at me kan få til ei fin veke år etter år.

Tine fotballskule er eit resultat av godt samarbeid og eit ønske om å få til ting i lag. Utan alle dei fantastisk flotte instruktørene våre frå jente- gute- og seniorlaga våre, dei alltid positive foreldra som stiller på kjøkenet og syter for nydelig lunsj hadde ikkje dette gått an.

Takka vera dykk hadde over 100 unge spelarar ei fantastisk veke med fotball, samhald, glede, inkludering og idrettsglede. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg!

Det å høyra at familiar legg opp ferien for å få med seg fotballskulen tykkjer me er fryktelig kjekt!

Ein ekstra honnør og takk til Reimund Breisnes Loven, Frode Berge Alme, Birte Andersen Røysum og Solveig Kvame frå fotballstyret som syr dette saman og ordnar alt frå å pumpe ballar, trøste og plastre, handle inn og legg til rette på alle måtar!

Me gir gass og skal gjere alt me kan for at Tine fotballskule 2026 vert minst like bra!

Nytt dekke på Syril stadion

Alle som spelar og trenar på stadion veit at kunstgrasdekke er veldig klar for utskifting – Det har sett sine beste dagar, samstundes må ein sei at det jammen har levert varene med tusenvis av timar med treningar, kampar, leik og anna aktivitet.

Dette året jobbar vi med forarbeid knytt til søknadar, økonomi og val av dekke. Det har vore ein brei dialog med mange aktørar; mellom anna krets, forbund og fylkeskommune, samt at me har hausta erfaringar frå andre klubbar. Som mange veit er gummigranulat på veg ut, og det gjer prosessen desto viktigare knytt til val av type kunstgras.

Syril har etablert ei prosjektgruppe som jobbar dedikert med arbeidet. Gruppa består av leiar Sturle Rode Rio, Nils Magne Slinde, Sindre Ramung og Jon Edvin Jørgensen. Dei gjer ein fantastisk jobb som gjer at vi sommaren 2026 etter planen vil ha eit nytt moderne kunstgrasdekke og nytt lysanlegg på Syril stadion! Dette vil vera eit stort løft for både fotballen og bygda.

Denne veka har vi hatt storfint besøk frå anleggsgruppa i NFF som var på befaring for å utføre ein tilstandsrapport, og prosjektet jobbar målretta vidare mot realisering av prosjektet neste sommar.

Dette vil bli eit stort løft for oss – og kjem til stor glede for alle våre fantastiske fotballspelarar, trenarar og andre frivillige.

Kickoff 2025

Syril fotball inviterer til Kickoff søndag 30. mars kl. 13:00-15:00 på Syril stadion!

Som i fjor ønskjer vi å markere starten på ein ny sesong med ein triveleg dag på Syril stadion. Det vert mellom anna introduksjon av alle lag, gratis grillmat til alle spelarane våre, fotballtennis og fartsmålar der du kan måla kor hardt du skyt.

Kiosken er åpen og vi kan love god stemning, smil og fotballglede. Kanskje får vi til ein kamp mellom vaksne og barn? 😀

Heile bygda er invitert! Våre venner i Sogndal Fotball kjem også utom, og kanskje blir det og høve til å slå ein tunnel på heltane frå Sogndal 😀

Syril fotball skal vere eit tilbod for alle, og vi ønskjer å kunne tilby fotballsko, leggskinn og anna fotballutsyr til dei som ikkje har høve til å kjøpe det sjølv. Det vil difor vere ein «Stand» på stadion under Kickoffen der du kan levere inn utstyr som er i fin stand, men som ikkje lenger vert brukt i husstanden.

I år arrangerer vi og «Kickoff-lotteri» med flotte premiar. Du kan mellom anna vinne ei signert Sogndal-drakt, signert Syril-drakt og ein JBL Extreme3 høgtalar, levert av Sogn Tavle- og datamontering.

Du kjøper lodd enkelt på Vipps på nummer 111103 (Syril fotball, velg kategori «Lodd».) Kvart lodd kostar 20 kr og du kan kjøpe så mange du vil 😀 Alle inntektene frå lodda går til utstyr til barn og ungdom i Syril fotball, og er med å bidreg til at vi kan holde treningsavgiftene så låge som råd.

Hjerteleg velkomen på Kickoff søndag 30. mars klokka 13:00 på Syril stadion!

Hei, heia Syril!

Syril damelag i 2025

Syril har meldt på 7-ar damelag for sesongen 2025. Dette tykkjer vi er veldig stas, og vi ønskjer å invitere alle som har lyst, til å bli med!

Det er ei veldig kjekk og inkluderande spelargruppe i eit breitt aldersspenn. Det er turneringsspel med 2 turneringar på vår og 2 på haust, i tillegg til ei trening i veka.

Høyres ikkje dette spanande ut? Ta gjerne kontakt med Amalie Dimmen Henjum om du vil vere med, eller dersom du har spørsmål

Ny trenar for Syril herrer

Endeleg kan me annonsera at herrelaget til Syril har fått på plass ny trenar! Sjølv om det tok litt tid, er me veldig glad for at vi fekk førstevalget vårt. Vi har hatt dialog over ein lengre periode, og no er alle detaljar på plass!

Eirik Espe Stensvand vender heim fra Bergen og blir systrending att. Med på flyttelasset har han, i tillegg til sambuar og ein son, mange års erfaring som hovudtrenar, ein B-lisens som trenar og ein rykande fersk avtale med Syril.

Eirik spelte i Syril heilt fram til han flytte til Bergen for å studere, og vi er ekstremt glad for att han no vender heim, og skal rettleia og utvikle spelarane på herrelaget. Som nemnt kjem han inn med solid kompetanse, både i form av utdanning og erfaring, og vi ser veldig fram til at Eirik skal sette sitt preg på Syril-fotballen i 2025.

Eirik og familien er på plass 15. mars og fram til det stiller Alexander Slinde som fungerande hovudtrenar – Det set vi veldig pris på!

No blir det full fart med treningar og treningskampar framover, slik at laget er slagkraftig og klar til seriestart i slutten av april!

Futsal-turnering søndag 3.11

Søndag er det futsal-turnering i Saften! Ein dag fullspekka med fotballkampar! Domarane bles igang første kamp kl 10:00 og siste spark på ballen er kl 17:30:

KlHeimelagBortelag
10:00Syril J13Sogndal J12
10:15SyrilIl Bjørn
10:30Kaupanger IL 2Sogndal 1
10:45Sogndal J12Syril
11:00Kaupanger ILBjørn 2
11:15Syril J13Il Bjørn
11:30Kaupanger ILSogndal 1
11:45Il BjørnSogndal J12
12:00Bjørn 2Kaupanger IL 2
12:15SyrilSyril J13
12:30Sogndal G12 1Vik
12:45Kaupanger IL 2Kaupanger IL
13:00VikSogndal G12 1
13:15Sogndal J11 – 1Syril
13:30Sogndal 1Bjørn 2
13:45Sogndal G12 1Sogndal G12 2
14:00Il BjørnJotun – 2
14:15Sogndal J11 – 1Sogndal J11 – 2
14:30Il BjørnSogndal
14:45SyrilSogndal J11 – 2
15:00VikSogndal G12 2
15:15Jotun – 2Il Bjørn
15:30Sogndal J11 – 2Syril
15:45Sogndal G12 2Sogndal G12 1
16:00SogndalJotun – 2
16:15SyrilSogndal J11 – 1
16:30Sogndal G12 2Vik
16:45SogndalIl Bjørn
17:00Sogndal J11 – 2Sogndal J11 – 1
17:15Jotun – 2Sogndal

Syril stiller med rikholdig kiosk av både mat og kaker gjennom dagen, så her kan du få dekka alle behov!

Vi ønsker velkommen til alle deltakande lag, spelarar og tilskodarar, og håpar alle får ein strålande futsal-dag i Saften!

Fotballsøndag 25.august

Invitera til fotballsøndag på Syril stadion 25.08

Klokka 12.00 startar første kamp der J12 møter Årdalstangen

Ca. klokka 13.15 er det klart for ein ny spanande kamp der G11 møter Sogndal 1

og
Klokka 15.00 avsluttar Herrelaget med kamp mot Bjørn/Hafslo/Fanaråk

Det vil vera mogleg å kjøpe pølse, toast og mykje anna godt i Syril-kiosken
Kiosken vil vera open frå ca. klokka 11.30 til 17

Møt opp og støtt laga våre i det som ser ut til å bli ei kjekk og spanande fotballdag på Syril stadion.

Få med deg familie og vener på stadion kos dikka med noko godt frå kiosken medan de får servert flott underhaldning på bana.


Me kjem! Kjem du?