Komande helg kastar me i gang sesongen med dommarsamling, treningsøkter, kampar, Rose sløyfe-aksjon. treningsøkter, HLR-kurs, lagleiarmøte samt Løp for meg: https://syril.no/arrangement/avkast/
Alle innlegg av Syril
Har du innspel til handlingsplan?
Syril hovudstyre jobbar akkurat no med å lage handlingsplan for idrettslaget, og vi ynskjer gjerne innspel frå medlemmane våre!
Har du tankar rundt:
- Kva slags klubb Syril skal vera for medlemmane sine?
- Korleis vi som klubb skal jobbe for å oppnå dette?
Klikk deg inn på denne lenkja og send oss dine tankar :
https://forms.office.com/e/HVpuGmFFKN
Fotballsøndag 25.august

Invitera til fotballsøndag på Syril stadion 25.08
Klokka 12.00 startar første kamp der J12 møter Årdalstangen
Ca. klokka 13.15 er det klart for ein ny spanande kamp der G11 møter Sogndal 1
og
Klokka 15.00 avsluttar Herrelaget med kamp mot Bjørn/Hafslo/Fanaråk
Det vil vera mogleg å kjøpe pølse, toast og mykje anna godt i Syril-kiosken
Kiosken vil vera open frå ca. klokka 11.30 til 17
Møt opp og støtt laga våre i det som ser ut til å bli ei kjekk og spanande fotballdag på Syril stadion.
Få med deg familie og vener på stadion kos dikka med noko godt frå kiosken medan de får servert flott underhaldning på bana.
Me kjem! Kjem du?
Frivillig til Tine fotballskule 2024
Syril fotball og dei flotte unge deltakarane treng frivillige vaksne til å bistå og utføre ulike oppgåver under årets Tine fotballskule. Oppgåvene kan t.d bestå i å tilbrede og servere måltid, dekke på og rydde av, rigge opp og rigge ned m.m. Det skal kvar dag serverast 2 fruktmåltid i tillegg til lunsj.
Vi håpar difor at du kan tenkje deg å bidra. Vi er sikre på at ditt bidrag vil vere med å skape ei flott og koseleg ramme rundt fotballskulen.
For å få til ein god logistikk ynskjer vi at det er minimum 3-4 vaksne til stades kvar dag. Vi ynskjer at du er med enten heil eller halv dag.
Halv dag er frå kl.10 – 12.15 eller 12.15 – 14.30. Heil dag er frå 10 – 14.30.
Ynskjer du å bidra under Syril fotball sin Tine fotballskule, meld deg via lenka: Frivillige til Tine fotballskule 2024
Tine fotballskule
Syril fotball arrangerar Tine fotballskule måndag 12.august til og med torsdag 15.august. Fotballskulen er for dei som er fødde 2012-2018. Meld dykk på nokre kjekke fotballdagar siste veka av sommarferien.
Gå inn på sida til Tine fotballskule for meir info.
Informasjon om treningsavgift fotball
Den 28. mai vart det sendt ut faktura på treniningsavgift for 2024. Faktura vart sendt ut frå vår leverandør Buypass AS på vegne av oss.
Ved ein feil har ein del trenarar og lagleiarar fått krav om betaling. Ein skal sjølvsagt ikkje betale treningsavgift for å vere trenar eller lagleiar. Dette vert retta opp i, og dei som har fått dette feil kan sende ein e-post til post@syril.no. De treng ikkje korrigere fakturaen sjølve.
Fotballsøndag 2. juni

Klokka 11.30 startar første kamp der J10 møter Sogndal 2
Klokka 12.45 er det klart for ein ny spanande kamp der G10 møter Hafslo
Klokka 14.15 skal J13/14 møte Bjørn/Hafslo
og
Klokka 16.00 avsluttar Herrelaget med kamp mot Bremanger
Det blir også lagt opp til ei intern miniputturnering.
Sogndal fotball er invitert og dei stiller med nokon spelarar frå A-laget og det blir lagt opp til litt aktivitet rundt dette.
Det vil vera mogleg å kjøpe grillmat og mykje anna godt i Syril-kiosken.
Kiosken vil vera open frå ca. klokka 11.30
Grillen er i drift frå ca. kl. 12 til kl. 17.
Mot opp og støtt laga våre i det som ser ut til å bli ei kjekk og spanande fotballdag på Syril stadion.
Få med deg familie og vener, ta ein sein frukost, lunsj eller middag på stadion medan de får servert flott underhaldning på bana.

Syril fotball inviterar til kick-off på Syril stadion
Invitasjon til Kick-off 2024
Velkommen til Kick-off 2024 på Syril stadion, søndag 14. april kl. 11 – 14.
Ta med familien på ein dag med mange kjekke aktivitetar for både små og store. Det vert servert grillmat og saft til spelarar/søsken og kaffi til dei vaksne.
Aktivitetar:
Fotballtennis
Fartsmålar – Kven skyt hardast eller kjem nærast idealfart? – premiering Introduksjon av alle lag, dommara, speakera, styre
Straffespark-konkurranse
Triksekonkurranse – premiering
Gratis lotteri med premiar
Kamp – Vaksne mot miniputtar
Internturnering for aldersbestemte
* På med fotballsko og bli med. Dette blir knall *
Mvh Syril fotball
23/24-sesongen for Kleppa skianlegg er over
No har våren teke over og vi seier takk til vinteren som stenger trekket på vegen ut. Det er meldt mildvêr og regn i dagane framover, og vi avsluttar difor sesongen no før påske.
Takk til alle som har bidrege på dugnad, og takk til alle som har nytta seg av trekket! Vi håpar på ein kort vår/sommar/haust slik at vi raskt kjem i gang med skitrekket for sesongen 24/25! 😊
Trekket ope søndag 16.3
Kleppaheisen er open i morgon kl. 11.30-16.
Det minkar på snøen, men det er nok til å ta nokon grabs og ollies! Det er nokon snøfrie flekkar her og der, spesielt i dei brattaste partia, så det blir sett opp litt sperringar rundtom.