Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Syril damelag i 2025

Syril har meldt på 7-ar damelag for sesongen 2025. Dette tykkjer vi er veldig stas, og vi ønskjer å invitere alle som har lyst, til å bli med!

Det er ei veldig kjekk og inkluderande spelargruppe i eit breitt aldersspenn. Det er turneringsspel med 2 turneringar på vår og 2 på haust, i tillegg til ei trening i veka.

Høyres ikkje dette spanande ut? Ta gjerne kontakt med Amalie Dimmen Henjum om du vil vere med, eller dersom du har spørsmål

Ny trenar for Syril herrer

Endeleg kan me annonsera at herrelaget til Syril har fått på plass ny trenar! Sjølv om det tok litt tid, er me veldig glad for at vi fekk førstevalget vårt. Vi har hatt dialog over ein lengre periode, og no er alle detaljar på plass!

Eirik Espe Stensvand vender heim fra Bergen og blir systrending att. Med på flyttelasset har han, i tillegg til sambuar og ein son, mange års erfaring som hovudtrenar, ein B-lisens som trenar og ein rykande fersk avtale med Syril.

Eirik spelte i Syril heilt fram til han flytte til Bergen for å studere, og vi er ekstremt glad for att han no vender heim, og skal rettleia og utvikle spelarane på herrelaget. Som nemnt kjem han inn med solid kompetanse, både i form av utdanning og erfaring, og vi ser veldig fram til at Eirik skal sette sitt preg på Syril-fotballen i 2025.

Eirik og familien er på plass 15. mars og fram til det stiller Alexander Slinde som fungerande hovudtrenar – Det set vi veldig pris på!

No blir det full fart med treningar og treningskampar framover, slik at laget er slagkraftig og klar til seriestart i slutten av april!

Uttale om Saften

Syril har ikkje for vane å uttale seg om politiske saker som føregår i kommunen, men no ser vi at behovet er der. Utbygginga på Saften er så viktig for heile Leikanger, og påverkar også idretten si rolle i kommunen. Vi har difor sendt følgjande innlegg til Sogn Avis:

Invester i ungdommen og lokalsamfunnet – det lønner seg

Utbygginga på Saften med kulturlokale, nytt bibliotek, frivilligheitssentral og oppgradert idrettshall, har vore ein del av økonomiplanen til Sogndal kommune i fleire år. No vurderer kommunen å gjere innsparingar ved å skrinlegge prosjektet. Som største frivillige organisasjon på Leikanger, meiner Idrettslaget Syril det er viktig å investere i ungdommen og lokalsamfunnet, og gjennomføre prosjektet.

Kvar einaste dag legg frivillige i idretten ned ein enorm innsats for å skape aktivitet og trivsel for barn og unge i heile Sogndal kommune. Leikanger og i Syril idrettslag inkludert. Dette er arbeid som gir verdiar langt utover idretten – det byggjer fellesskap, styrkar lokalsamfunnet og bidreg til å førebygge utfordringar som utanforskap og dårleg folkehelse. Både for vaksne og born. Resultatet av dette arbeidet ser vi ikkje att kun i idretten, men i heile lokalsamfunnet.

I Leikanger er nesten halvparten av innbyggarane medlem i idrettslaget, og om vi snakkar om aktive brukarar av anlegga vi har, så kan vi nesten doble dette talet. Vi ser kor viktig det er å ha møteplassar. Men, ikkje alle har tid, helse eller interesse av å møtast på idrettsbana, i skogen eller i skiløypa.

Når kommunen vurderer å kutte i tilbod som ungdomsklubb, bibliotek og kafé, ber vi dei om å løfte blikket og sjå på den langsiktige samfunnsøkonomiske verdien av slike tiltak. For kvar krone som blir brukt på førebyggande arbeid for ungdom, og for inkludering og trivsel i bygda, sparar vi mangedobla beløp seinare. Å kutte i slike tilbod betyr ikkje berre å spare pengar på kort sikt – det betyr også å betale prisen på lang sikt. Ved å investere i breidda og mangfaldet i tilboda til lokalsamfunnet i Leikanger, bidreg ein til å bygge grunnlaget for ei sterk og levedyktig bygd.

Heile Sogndal kommune vinn ved at det er triveleg å bu i alle delar av kommunen. Det kostar, men vi har ikkje råd til å la vera. Lytt til oss!

På vegne av Syril idrettslag,

Elianne Eggum (leiar)
Sindre Ramung (nestleiar)

Volleyballturnering i Saften 28.12

Tidspunkt: 11.00-15.00 

Påmeldingsfrist23.12 

Påmeldingsavgift: 300 kroner per lag – Betal til Syril sin
kontonr 3781.07.31029 eller til Vipps – sjå QR-koden. Merk
betalinga med Påmelding volleyballturnering.

Påmelding til e-post: chris-kl@online.no Send stadfesting av
betalt påmeldingsavgift til denne e-postadressa. Send oppdatert
lagoppstilling seinast dagen før turneringa, slik at sekretariatet kan
lesa opp kven som stiller på dei ulike laga.

Det er minimum 6 personar på kvart lag. Det må vera minst to deltakarar av begge kjønn på bana til ei kvar tid.

Reglane er som før om åra.

Aldersgrense: Ungdomsskulealder

Maks tal lag: 16  – Lurt å vera tidleg ute med påmelding. For detaljar omkring påmelding og betaling, sjekk vedlegget. Der finn du òg ein QR-kode knytt til påmeldingsavgifta.

Vinnarar Syril Trim 2024

Årets Syril trim er ved vegs ende, og vi har trekt vinnarane av gåvekort!

Det er mange som har fullført både turpostkort og/eller Trim30-kortet, stor applaus til både barn og vaksne! Vi håpar de har hatt mange fine turar sjølv om veret har vært både og i sommar. Og alle er velkomne på trimpostane våre, med og utan trimkort.

Premiane er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ein stor takk til Coop Byggmix Hermansverk og Små livsgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større. Små livsgleder og Essoen gjer det og enkelt for oss i samband med sal og innlevering av trimkort. Vi vil og takke dei to andre sponsorane våre, Sogn Røyr og Byggmeister Langeteig & Volldal, som støttar aktiviteten vår. Takk også til alle gode hjelparar med smått og stort i løpet av sesongen (legge ut nye bøker, rydde stiar, klopper m.m.). Vi set stor pris på all hjelp vi får!

Vinnarar av turposttrimmen 20 og gåvekort à kr 1.000:

  • Arild Bjørk
  • Per Høgheim
  • Jon Edvin Jørgensen
  • Nils Magne Slinde
  • Agnethe Wathne
  • Kristin Hagen Hæreid
  • Lena Steig
  • Linda Føleide Skinlo
  • Bente Henjesand
  • Silje Maria Søderholm
  • Eva Hamre
  • Rita Steig

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:

  • Tiril Myren Sæterbø
  • Filip Myren Sæterbø
  • Nine Stadheim
  • Nora V. Henjum
  • Iver B. Leirdal
  • Kjell Remø
  • Steinar Røysum
  • Geir Offerdal Jakobsen
  • Espen Klepzig
  • Signe Lekven
  • Ingrid Amundsen
  • Kristine Håland
  • Marte Lange Vik
  • Marie Bremer Remø
  • Lajla Skarsbø
  • Bodil Nornes
  • Ingunn Nyhammer
  • Inger Nes Henjum
  • Geir Aase

Vi gratulerer alle med god innsats, og håpar at mange av dykk vil vere med neste år og. Gåvekorta får de i løpet av dei komande dagane!

Futsal-turnering søndag 3.11

Søndag er det futsal-turnering i Saften! Ein dag fullspekka med fotballkampar! Domarane bles igang første kamp kl 10:00 og siste spark på ballen er kl 17:30:

KlHeimelagBortelag
10:00Syril J13Sogndal J12
10:15SyrilIl Bjørn
10:30Kaupanger IL 2Sogndal 1
10:45Sogndal J12Syril
11:00Kaupanger ILBjørn 2
11:15Syril J13Il Bjørn
11:30Kaupanger ILSogndal 1
11:45Il BjørnSogndal J12
12:00Bjørn 2Kaupanger IL 2
12:15SyrilSyril J13
12:30Sogndal G12 1Vik
12:45Kaupanger IL 2Kaupanger IL
13:00VikSogndal G12 1
13:15Sogndal J11 – 1Syril
13:30Sogndal 1Bjørn 2
13:45Sogndal G12 1Sogndal G12 2
14:00Il BjørnJotun – 2
14:15Sogndal J11 – 1Sogndal J11 – 2
14:30Il BjørnSogndal
14:45SyrilSogndal J11 – 2
15:00VikSogndal G12 2
15:15Jotun – 2Il Bjørn
15:30Sogndal J11 – 2Syril
15:45Sogndal G12 2Sogndal G12 1
16:00SogndalJotun – 2
16:15SyrilSogndal J11 – 1
16:30Sogndal G12 2Vik
16:45SogndalIl Bjørn
17:00Sogndal J11 – 2Sogndal J11 – 1
17:15Jotun – 2Sogndal

Syril stiller med rikholdig kiosk av både mat og kaker gjennom dagen, så her kan du få dekka alle behov!

Vi ønsker velkommen til alle deltakande lag, spelarar og tilskodarar, og håpar alle får ein strålande futsal-dag i Saften!