Stikkordarkiv: Tine fotballskule

Årets fotballskule 2025!

Syril er årets Tine fotballskule i Sogn og Fjordane for 2025! Det at mange tykkjer at vår fotballskule er so bra er både rørande og skikkelig stas! Me fekk prisen også i både 2022 og 2023, og det er tydeleg kontinuitet, dugnadsånd og velvilje frå frivillige og foreldre gjer at me kan få til ei fin veke år etter år.

Tine fotballskule er eit resultat av godt samarbeid og eit ønske om å få til ting i lag. Utan alle dei fantastisk flotte instruktørene våre frå jente- gute- og seniorlaga våre, dei alltid positive foreldra som stiller på kjøkenet og syter for nydelig lunsj hadde ikkje dette gått an.

Takka vera dykk hadde over 100 unge spelarar ei fantastisk veke med fotball, samhald, glede, inkludering og idrettsglede. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg!

Det å høyra at familiar legg opp ferien for å få med seg fotballskulen tykkjer me er fryktelig kjekt!

Ein ekstra honnør og takk til Reimund Breisnes Loven, Frode Berge Alme, Birte Andersen Røysum og Solveig Kvame frå fotballstyret som syr dette saman og ordnar alt frå å pumpe ballar, trøste og plastre, handle inn og legg til rette på alle måtar!

Me gir gass og skal gjere alt me kan for at Tine fotballskule 2026 vert minst like bra!

Frivillig til Tine fotballskule 2024

Syril fotball og dei flotte unge deltakarane treng frivillige vaksne til å bistå og utføre ulike oppgåver under årets Tine fotballskule. Oppgåvene kan t.d bestå i å tilbrede og servere måltid, dekke på og rydde av, rigge opp og rigge ned m.m. Det skal kvar dag serverast 2 fruktmåltid i tillegg til lunsj.

Vi håpar difor at du kan tenkje deg å bidra. Vi er sikre på at ditt bidrag vil vere med å skape ei flott og koseleg ramme rundt fotballskulen.

For å få til ein god logistikk ynskjer vi at det er minimum 3-4 vaksne til stades kvar dag. Vi ynskjer at du er med enten heil eller halv dag.

Halv dag er frå kl.10 – 12.15 eller 12.15 – 14.30. Heil dag er frå 10 – 14.30.

Ynskjer du å bidra under Syril fotball sin Tine fotballskule, meld deg via lenka: Frivillige til Tine fotballskule 2024