Stikkordarkiv: Skitrekket

Dugnad i skianlegget på Kleppa


Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Også i år skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så sjølv om det vart gjort ein formidabel innsats i fjor, er det mykje som skal gjerast i år òg.
 
Ta med hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending 🙂

Vi har sett av to laurdagar:

  • 26.10 kl 10:00
  • 02.11 kl 10:00

Heiskøyrarkurs 28. februar kl 18:00

Det blir altså nytt heiskøyrarkurs onsdag 28. februar kl 18. Oppmøtestad – Skitrekkhytta

Tryggleik i drifta av anlegget på Kleppa er særdeles viktig. Kontroll på og gjennomføring av alle oppstartsrutinar noko av det viktigaste for å sikre trygg drift for på anlegget.

Vi ønskjer(krev) at som skal fungere som heiskøyrarar på trekket har gjennomgått heiskøyrarkurs. Kurset 28 februar blir truleg det siste for sesongen 2023/2024.

Hjelm er viktig

HjelmErViktig
Raud pil peikar på fordjupinga

Tenkte vi skulle dele eit eksempel på kvifor hjelm er viktig og påbudt i skibakken på Kleppa.

Bilete til høgre viser resultatet av samanstøyt med eit tre i «Mungo-løypa». Dette er ikkje ein del av skibakken, men terrenget aust for skitrekket, bak trekkhytta. Mange synes det er kjekt og utfordrande å køyre her. Det er mykje som stikk opp og ein kan vere uheldig.

Skikøyraren i eksempelet hekta i noko og kom siglande på rygg ned mot eit tre. Farten var forholdsvis liten. Hjelmen gjorde jobben sin og hindra skade på hovudet.

Ein hjelm til nokre hundre kroner er ei rimeleg investering. Om du har gløymt eller manglar hjelm, har Syril hjelmar i trekkhytta til gratis utlån for dagen.

Opningstider i trekket

Vi gjer ei lita justering av opningstidene. Det betyr at du kan sove ein halv time lenger i helga 😉

Opningstider Frå Til
Tysdag (kveld) 18.00 20.30
Torsdag (kveld) 18.00 20.30
Laurdag 11.30 15.30
16.00 mars/april
Søndag  11.30 15.30
16.00 mars/april

Alle må retta seg etter skilt i bakken og respektere oppsette sperringar og andre sikringstiltak.

DET ER PÅBOD OM BRUK AV HJELM. (Gratis utlån også for vaksne)

Informasjon om Kleppa som inkluderer opningstider med meir finn du alltid her: Kleppa

Prisar i trekket vinteren 2017/-18

Kleppakort

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa ein vintersesong. Kortet dekkar slalombakken, skikarusellar og (lys)løypeavgift.

Kleppakortet er for sal i vaktbua kontant, eller kan betalast til bankkonto 3781.07.31029 eller med VIPPS til 88235 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler via bank eller VIPPS.

  Barn 0-6 år Barn 7-15 4. klassing Vaksne Familie
Kleppakort Gratis 1 000 Gratis 1 000 2 500

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Dags-, kveldskort og enkel tur

  Barn 0-6 år Barn 7-15 4. klassing Vaksne Familie
Dagskort Gratis 120 Gratis 120 250
Kveldskort Gratis 70 Gratis 70 150
Enkel tur Gratis 20 Gratis 20 50

Betal kontant eller med VIPPS til 88235. Merk betalinga med DagskortKveldskort eller Tur.

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Oppdaterte prisar vil ein alltid finne her: https://syril.no/anlegg/kleppa/