Stikkordarkiv: kunstgrasbana

Vintertrening Syril fotball

Syril fotball har sett ned ei gruppe som har sett på alternativ for vintertrening. I dokumentet finn de utgreiingar som gruppa har gjort. Merknadar og synspunkt kan meldast til Runa Aaland Eggum på epost runaeggum@gmail.com, eller telefon 957 56 106 innan 20.oktober 2020. Etter dette vil styret fatte vedtak om kva alternativ ein skal arbeide vidare med. 

Alternativ for vintertrening Syril fotball

Syril fotball er og interessert i å kome i kontakt med personar i Syril som kan tenke seg å bidra med vedlikehald og anna knytt til kunstgrasbana. Om nokon tenker dei kan bidra her, er det berre å ta kontakt. 

Gruppe for treningstilhøve vinterstid

Syril fotball har etablert ei gruppe som skal utgreie treningstilhøve på vinteren. Gruppa består av Nils Magne Slinde, Erlend Husabø, Svein Jarle Skårhaug og Runa Aaland Eggum. I går var gruppa på besøk hjå driftsleiar i Sogndal fotball, Nore Hjellhaug, for å høyre om deira erfaringar frå vinterdrift. Det var eit interessant møte og eit godt grunnlag for vidare arbeid. Stor takk til Nore som stilte opp. Gruppa arbeider vidare og tek sikte på å ferdigstille arbeidet tidleg haust. Om du har innspel til arbeidet er du velkomen til å dele desse innan 12.juli. Dette kan gjerast ved å ta ein telefon til Runa Aaland Eggum på 95756106 eller sende ein e-post til runaeggum@gmail.com.

Kjøp andel i kunstgrasbane

 

0515060
Anlegget bada i vårsol

Kunstgrasbana er eit stort økonomisk løft for ein liten klubb i Syril. Mykje er finansiert av Leikanger kommune/Sognekraft, Sparebanken Sogn og Fjordane samt tippemidlar. Men vi har ikkje fått midlar til innbytarbenker, kiosk og tribune. Vi håpar du vil vere med å hjelpe oss slik at vi slepp å legge enno meir på treningsavgiftene til spelarane.

Om felt

Bana er delt opp i hovedsak i felt som du kan «kjøpe» for kr 3 000. Eit kjøp betyr at du får namnet ditt på plakat som vert lagt ut på syril.no og på veggen i kiosken. Det er lov å vere anonym eller bruke alias. Du kan kjøpe fleire felt. 

Særfelta, det vil seie midtsirkel, straffefelt, 16-metrane og hjørna, vert selde som samla einingar og er særleg mynta på bedrifter, lag, foreining, vennegjengar eller andre som slår seg i lag for å få hand i eit større samla område. Midtsirkelen kostar kr 30 000 medan dei andre kostar kr 15 000. Det vert høve til bedriftsprofilering av desse felta. Det inneber logo på plakat på nettsidene våre og på plakaten i kiosken. Det vil òg vere høve til å få avtale om stadionreklame i tillegg.

Framgangsmåte

  • Betal til bankgiro 3705.10.13124
  • Merk innbetaling i rubrikken Melding/Beløpet gjelder med «Andel kunstgrasbane» og ønska andelsnummer eller «særfelt». Først til mølla! Er andelen allereie kjøpt, tildeler vi fortløpande.
  • Merk også med «Namn på Andelseigar» i feltet Melding/Beløpet gjelder.

Sjekk ledige felt her

Ta kontakt med Nils Magne Slinde (901 54 550) om du har spørsmål.