Måndag 17. oktober skal J 15/16 spele den første av to kampar i finale om KM-sluttspelet mot Sogndal. Kampen går i Sogndal kl. 17.00. Den andre kampen går heime på kunstgras laurdag 22.oktober kl. 15.00. Møt opp på begge kampane og støtt jentene!
Måndag 17. oktober skal J 15/16 spele den første av to kampar i finale om KM-sluttspelet mot Sogndal. Kampen går i Sogndal kl. 17.00. Den andre kampen går heime på kunstgras laurdag 22.oktober kl. 15.00. Møt opp på begge kampane og støtt jentene!


Etter endt seriespel er det klart for KM-sluttspel for J 15/16 11 ar. Laga på dei fire første plassane spelar om KM-tittelen. Følgande klubbar deltek, rangert etter plass på tabellen:
Måndag 3. oktober, kl. 19.00
Kamp 1: Syril – Jotun
Dommar: Oda Bjelde, Sogndal IL.
Torsdag 6. oktober, kl. 19.00
Kamp 2: Sogndal – Stryn
Dommar: Elise Selland, Hafslo IL
Måndag 17. oktober, kl. 19.00
Kamp 3: Vinnar kamp 2 – vinnar kamp 1
Laurdag 22. oktober, kl. 15.00.
Kamp 4: Vinnar kamp 1 – vinnar kamp 2.
Det våte veret dei siste vekene har medført at grasbana no er stengt for aktivitet.


Haustfargane er komne. Gradvis blir nyansane av grønt erstatta med eit vidare fargespekter før hausten går over til vinter. Innsamlinga av bøker frå dei ulike postane kan ta til.
Vi set stor pris på om du kan vere med og hjelpe oss.
Kva skal du gjere?
Plukk ut av turpostkasssen plastboksane med bok, blyant, viskeler og spissar. Ta han med til ein av oss. Klyppetengene skal ikkje takast med. Dei skal henge att i turpostkassen. Om vi ikkje er heime når du kjem forbi, set boksen i garasjen mellom bilane, på terrassen eller ved inngangsdøra.
Prioriter postane over 900 moh først: Hest*, Kjeringafjell, Vassvarden, Lusaskard, Bergsete og Rjupeskard. Bøkene på Stavsete og Nyastølen i Huksdalen er henta inn 25.09.
*) På Hest skal det festast ei klyppetang i turpostkassen for 2017-sesongen. Ta kontakt med Arild Bjørk på 95206049 så får du tanga og instruksjonar på festing.
Synne Gjerde og Andrea Henjesand er teken ut i kretslagstropp jenter f.2001.
Forutan treningssamlingar, så skal Sogn og Fjordane spele mot Sunnmøre FK og Nordfjordeid 2 oktober.
1-4 desember er det landsdelssamling i Trondheim (eige uttak).
Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til!
Jan Tore Slinde
Sportsleg leiar
Amund Bäckstrøm Vikdal er teken ut i brutto kretslagstropp gutar f.2001.
Forutan treningssamlingar, så skal Sogn og Fjordane spele mot Sunnmøre FK og Nordfjordeid 1. oktober
(eige uttak).
1.- 4. desember er det landsdelssamling i Trondheim (eige uttak).
Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til!
Jan Tore Slinde
Sportsleg leiar
