Dugnader i Syril


Nedanfor ser du kva dugnader som har behov for folk. Kan du ta ei lita dugnadsøkt? Ta kontakt med oppgitt telefonnummer om du har anledning til å bidra! På førehand – tusen takk!!

Akkurat no er det stille på dugnadsfronten – men føl med, plutseleg kjem det noko, og då har vi behov for deg :).

DatoKlInformasjonOrganisatorTelefonStatus

Det er etterkvart blitt godt kjent at idrett og dugnad går hand i hand. Norges idrettsforbund (NIF) er ein organisasjon som er tufta på frivillig innsats. Dugnad utgjer ein svært viktig ressurs for idrettslaga i heile landet, og er ofte heilt avgjerande for at medlemmane skal kunne få eit aktivitetstilbod -Syril er ikkje noko unntak.

På denne sida finn de informasjon om nokre av dei store dugnadane som vil komme i løpet av året, og kven ein kan kontakte for å melde seg på. Alle dugnader passar ikkje alle, og for kva særgruppe dugnaden er til for, er mindre viktig i eit idrettslag som Syril, der mange har ein fot i fleire av gruppene. Vi håpar dette vil gjera det lettare for rekrutteringa, men også å delta for dei som ynskjer å gjera ein innsats.

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: