Buss


Bestilling av buss

buss

Lagleiar: For bestilling av buss, ta kontakt med Harry Christensen på telefonnummer 90598095.

Om fleire ynskjer buss same dag, vert dei med lengst reiseveg prioritert.

Registrering av bruk

Til Lagleiar/Sjåfør: Sjåførkort må setjast i teljaren.

Kvart einskildt lag som nyttar bussen skal utgiftsførast etter kor mykje dei nyttar bussen. Det er laga ein «LOGG Bruk av SYRIL-bussen» der laga er pålagde å skriva:

  • KM ved start og
  • KM ved retur samt
  • samla køyrde KM.

Det skal òg innehalda opplysningar om:

  • dato,
  • reisemål og
  • sjåfør sin signatur.

Merknadsrubrikken skal brukast dersom det er noko med bussen, vi er ikkje interesert i kampresultat etc. i denne samanheng.

Framme i mappa er det eit register som gjev opplysningar om kva side laga finn sine skjema. Registeret har òg opplysningar av ansvarlege lagleiarar. Det er viktig at loggen vert ordentleg ført og at det er leseleg.

Ferje og diesel

Bussen har Autopass-brikke for ferjestrekninga som har dette utstyret. På andre strekningar må Autopass-ferjekort brukast. Kortet er knytt til bussen og kan ikkje brukast av andre køyretøy dersom laga må nytta privatbilar i tillegg til bussen. Autopass-ferjekortet ligg i ei plastlomme fremst i mappa «Køyrelogg». I plastlomma ligg òg kort for dieselpåfylling med kode.

Ordensreglar

  1. Lagleiar/sjåfør er ansvarleg for at bussen vert rydda etter bruk. Diverre er det framleis nokon som ikkje etterkjem dette pålegget.
  2. Det skal sjåast etter at det ikkje ligg att noko i bussen som ikkje høyrer heime der. Det hender at det ligg att både klær, leggbeskyttarar etc.
  3. Dørken skal kostast/støvsugast evt. tørkast med ein fuktig klut dersom det er mykje skit som ikkje let seg fjerna med kost/støvsuging.
  4. NB!! Vi ber om at Lagleiar/Sjåfør gjev borna melding om at tilgrising av sukkerholdige drikkevarer etc. i seta ikkje vil verta godteke, vatn er greit. NB!! Det er òg forbod mot å eta IS-krem og Pølse m/brød m/tilbehør i bussen. Vi har diverre dårlege erfaringar med dette i bussane våre. Dei aller fleste turane vi har er korte turar og då er det unødvendig å eta/drikka det i bussen.
  5. NB!! For at borna skal ha eit forhold/eigarskap til ordenreglane nemner de opp to av borna som har ansvar for at reglane vert etterfølgde kvar tur.
  6. Sist, men ikkje minst må evt. skade på bussen, dersom nokon skulle vera så uheldige, melda dette til Harry Christensen 90598095 eller Knut Henning Walaker 47751760.

«Herjing» i bussen skal ikkje godtakast. Fotballsko etc. skal ikkje vera i seta, men på dørken. Når det er born i bussen, skal dei vera under oppsyn av lagleiar/sjåfør.

Boss og feiing

Bossbøtte er fastmontert bak passasjersetet med innlagd plastsekk som de tek ut etter turen og kastast i bossdunk SIMAS.

Ny sekk for bossbøtte finn de hylle over førarplassen.

Feikost og feiebrett finn de i bagasjerommet.

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: