Politiattest

Det er krav til at alle idrettsklubbar skal bekrefte at alle som skal utføre oppgåver som i vesentlig grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, har gyldig politiattest.

Alle trenarar eller lagleiarar i barne og ungdomsidretten skal ha gyldig politiattest. Før du søker om politiattest må du ha stadfesting frå klubben om at du treng dette.

  1. Fyll ut skjema for stafesting frå klubben.
  2. Skriv ut skjema om du har fylt det ut elektronisk.
  3. Ta kontakt med leiar for gruppa og be vedkomande signere skjema.
  4. Signert skjema må skannast for å kunne leggast med elektronisk søknad.
  5. Logg deg inn på https://attest.politi.no med hjelp av MinID, BankID, Buypass eller Commfides.
  6. Vel kategori og formål frå nedtrekksliste. Kategori og formål er frivillige organisasjonar.
  7. Last opp stadfesting som du har fått av klubben (sjå punkt 2 over).
  8. Vent på svar. Det tek normalt 2 veker og du får politiattesten i din Digitale Postkasse eller posten.
  9. Når du har motteke politiattesten, skal den framvisast til leiar i Syril eller leiar i fotballgruppa eller handballgruppa innan 3 månadar. Syril skal ikkje lagre attesten. Framvising skal gjerast ved personleg oppmøte.

Politiattesten er ditt personlege dokument som du skal ta vare på!

Meir info på: https://www.politi.no/tjenester/politiattest/