Publisere

Råd: syril.no eller Facebook-sida

På nettsida syril.no er det mogleg å legge ut omfattande med informasjon samt større galleri med bilete, videoar med meir. Nettsida syril.no deler informasjon i to:

  1. fast og
  2. nyhende.

Informasjon på faste sider er informasjon som lett skal finnast av brukarane og har ein menystruktur som ligg fast i lang tid. Nyhende blir organisert kronologisk i ein nyhendestraum. Kvar artikkel blir merka med idrett, arrangement og/eller anlegg samt eventuelle stikkord for gjenfinning. Alle sider og nyhende kan delast via knappar til Facebook, Google+, Twitter og WordPress.

Facebook-sida til Syril er integrert i syril.no. Ved besøk på nettsida syril.no ser ein berre ein liten del av Facebook-sida. Ei lang posting med bilete fyller mykje synleg spalteplass på syril.no. Sjølv om ein brukar rullefeltet i spalta, er det berre 5 postingar som ligg direkte tilgjengeleg frå syril.no. Med andre ord forsvinn informasjon fort.

Ikkje alle har eller vil ha Facebook-konto. Sjølv om Facebook-sida er offentleg tilgjengeleg, får dei aldri melding om det som skjer på Facebook. Vi vil difor gi følgjande råd:

  • Facebook-sida bør berre brukast til korte meldingar med «kort levetid».
  • Nyhende, fast informasjon til sidene, informasjon om komande arrangement eller resultat, oppsummeringar, bilete osv frå haldne arrangement skal sendast til nett@syril.no for å bli publisert på nettsida.
  • Tidspunkt og litt informasjon om aktivitet, arrangement, treningar med meir bør inn i kalendaren til Syril ved at du sender ein invitasjon til kalendar@syril.no frå din kalendar. (Hugs òg å sende e-post til nett@syril.no med tekst til artikkel samt vedlegg slik at aktiviteten blir synleggjort på syril.no.)

Hugs: Alt på syril.no kan enkelt delast til Facebook-sida.


Nye sider eller endringar på sider

Send e-post til nett@syril.no med tekst og eventuelle vedlegg du vil ha lagt inn på sider til idrett, anlegg osv.

Mindre endringar vert vanlegvis gjort i løpet av kvelden. Større endringar kan ta litt tid og kan verte lagt ut puljevis.


Nyhende

Send e-post til: nett@syril.no. Vi ser over artikkelen før den blir publisert.

  • Emnet på e-posten din = Tittelen.
  • Meldingsteksten til e-posten din = Innlegget.

Leggjer du ved eit enkelt bilde blir det integrert i posten din. Dersom du sender med fleire bilete, vil dei bli vist som eit galleri. Andre filformat som er støtta:

  • Lydfiler (mp3) vert spelt av ved hjelp av WordPress Audio Player.
  • Videofiler som mp4, mov, wmv, avi, mpg, og m4v blir vist ved hjelp av WordPress video player.
  • Alle andre filer (doc, pdf, etc) vil bli vist som linker til vedlegget.

Kategorisering og stikkord på innlegg

For at det skal vere enkelt for dei som vil finne att visse type innlegg/nyhende, er det viktig å tildele kategori og stikkord.

Kategori

Aktivititet (Fotball, Handball, Fjordklubben, Symjing osv.), arrangement (Kjeringi Open, Sognefjordrennet, Bjørgahaug Opp), idrettsanlegg (Stadion, Kunstgras, Saften osv)

For å setje kategori på innlegget ditt i e-posten, legg til på ei line:

[category x,y,z]
x,y,z er kategoriar med komma mellom. Vanlegvis er det berre ein kategori.

Stikkord

Stikkord er korte ord som skildrar det innlegget handlar om, t.d. medlemsavgift, treningsavgift, kamp, trening, treningstid osv. Ikkje skriv fotballtreningsavgift. Den set du med kategori Fotball på og stikkord Treningsavgift.

[tags x,y,z]
x,y,z er stikkorda med komma mellom. Bruk gjerne fleire stikkord.


Kalendar

For å få inn kampar, treningar med meir i kalendaren, send ei “møteinnkalling” frå din kalendar til kalendar@syril.no. Vi ser over invitasjonen før han vert lagt inn i kalendaren til Syril.

Tips til å skrive “møteinnkallinga”:

  • Fotballkamp G12 Syril – motstandar
  • Handballtrening J13/14
  • Friidretttrening J13
  • Skikarusell
  • Fotballturnering
  • osv.

Angi staden aktiviteten skal foregå på slik at han vert vist på kartet til Google:

  • Saften/Leikangerhallen = Riverdalen 5, Leikanger.
  • Stadion = Holevegen 13, Leikanger
  • Kleppa = Kleppa skisenter, Leikanger
  • Gymnastikksalen = Leikanger ungdomsskule, Kyrkjevegen, Leikanger
  • Kunstgrasbana på undomsskulen = Leikanger ungdomsskule, Kyrkjevegen, Leikanger
  • Kjeringafjell/Kjeringi = Kjeringafjell, Leikanger

I tillegg er det lurt å skrive litt informasjon om arrangementet som at kiosken er åpen, kven som er speaker osv.