Historie


Leikanger idrettslag vart skipa 4. februar 1906 av nokre ihuga ungdomar under leiing av Finn Glørsen. Idrettsplassen var ei fin, naturleg flate framme i Lundene. I laget vart det mest tevla i hallingkast, lengdehopp, spyd og kule. Det var på denne tida mange ungdomar som var med å tevla, men det er nokre som må ha utmerka seg sidan dei vart nemnde i alle år etterpå som gode utøvarar:

Atle Røysum (spyd), Ander Olsen (kule), Ingemår og Atle Rishovd, meieristyrar Rød og Finn Glørsen var med å tevla i toppen.

Etter nokre år reiste Finn Glørsen frå bygda og laget dabba av etterkvart. Frå 1917 tok skiidretten til å veksa fram i sognebygdene. Det vart på mote å skipa eller blåsa liv i gamle lag. 18. mars 1919 vart Leikanger skilag skipa i «tingstuen» på Hanahaug. At det vart kalla skilag og ikkje Idrottslag, var tydeleg eit utslag av den motebølgja som var. 1923 vart det vedteke bygging av hoppbakke på Kleppa, og i 1924 stod vetlebaken klar. Dette året vart det fyrste rennet i hopp og langrenn arrangert. 1929- ferdiggjering av «storebakken» og skihytta på Kleppa var ferdig.

Frå 1930 og fram til 1940 dreiv laget det stort sett godt. Formennene i laget på denne tida var: Nils P. Henjum 1931-1933, Knut Palne 1933, Arne Myklebust 1934-1937, Sigurd Menes 1937, Sigurd J. Henjum 1938, Arne Myklebust 1939-1946. Frå 1940 til 1945 vart det ikkje utført organisert idrett i laget. 1941 vart det søkt kommunen om å oreigna til idrettsplass i Holerunane, og dette gjorde kommunen.

På eit ålmannamøte i Leikanger Skilag i 28. juni 1945 vart det valt både fotballstyre og friidrettsstyre med Arne Grepstad som formann for fotball og Karl Mo som formann for friidrett. 28. desember 1945 vart slutten på Leikanger Skilag, og byrgjinga på Systrond Idrottslag, forkorta «Syril». Laget tok no opp fleire idrettar. Det vart lagt ned ein stor dugnadsinnsats og 14. juli 1946 var bana så bra at laget kunne spela sin fyrste fotballkamp, og den var mot Sogndal. Idrettslaget vart eit samlingspunkt i bygda og den posisjonen har halde sidan.

Ved ein stordugnad i 1957 og 1958, då bygdefolket gjorde ein storslagen innsats vart det lagt nytt dekke på bana, nylagd løpebane, tribunar og nymåla klubbhus. Seinare vart det ein ny innsats og bana fekk grasdekke og løpebana raudstubbdekke.

Idrettslaget har glimtvis nådd gode resultat i aktiv idrett. likevel har vel laget nådd lengst med breidden innan idretten. Det har heile tida vore eit tilbod til dei mange. Idrettslaget har vakse seg inn i heimane og etterkvart rive foreldri med både på turar og som hjelparar ved idrettstevlingane. Dette har vore med å utvikla eit godt idretts- og bygdemiljø og framfor alt eit godt ungdomsmiljø.

Fotball

A-laget_1965_large
A-laget anno 1965. Bak frå venstre: Per Jarle Lunde, Artur Røysum, Kjell Vangsnes, Knut Haukeland, Jan Wathne, Petter Fosse. Framme frå venstre: Terje Talle, Bjørn Wathne, Nils Henjum, Ivar Talle, Jan Krosshaug.

Året 1946 vart eit merkeår for fotballaktiviteten på Systrond. Syril fekk sitt fyrste fotballstyre dette året med Bjarne Knudsen som formann, Ingvald Høgheim sekretær og Einar Rishovd matrialforvaltar. Det litt uferdige idrettsanlegget i Holeskogen vart teke i bruk som fotballbane.

Interessa for fotball var stor. Etter 5 lange krigsår utan noko form for aktiv idrett og idrettsgleda var lysta til å driva idrett enorm. Det var mangel på ballar og støvlar og ikkje minst på trening og teknikk.

Laget fekk godkjent spelardrakt som var gul trøye med svart stolpe, svart bukse og svarte sokkar med gul besetning. På fotballaget spela desse det fyrste året:

  • Målmenn: Ingvald Høgheim, Eivind Stedje, Leif Henjum, Martin Holsæter og Ingebrigt Fimreite.
  • Back-rekkja: H. Steinstad, Håkon Gjerde, Jon Gjerde, Bjarne Knudsen, Ola Røysum og Georg Henjum.
  • Half-rekkja: Nils Moe, Arne Sunde, Gunnar Skorpen, Trygve Rishovd og Jon Lund.
  • Løparrekkja: Gunnar Stavøstrand, Håkon Hov, Sigurd Kvåle, Arthur Drage, Oddvin Lie, Albert Knutsen, Jens Chr. Dahlin, Rolf Bolin, Arne Grepstad, Pål Myklebust og Sjur Fuhr.

Syril kom i gruppa Ytre Sogn og motstandarlaga det fyrste året var Høyanger, HIF, Falken, Vik og Fjærland. Dei fleste reisene gjekk føre seg med motorbåt. Det vart jumboplass for Syril det fyrste året.

Syrstrond Idrettslag