Kategoriarkiv: Ski

Delta på Klepparennet 2017

Tid: Laurdag 11. mars 2017 kl. 13

Stad: Kleppa på Leikanger

Stilart: Fristil

Vert arrangert saman med Skikarusellen (start ca 13.30)

Startrekkefølgje:

15-16 år: 5 km

13-14 år: 3 km

11-12 år: 2 km

10 år og yngre: 1 km

Skikarusellen

Syril oppmodar deltakarane til IKKJE å bruke fluorprodukt på skia, sjå:

https://www.facebook.com/toffestutenfluor/

Kiosk

Premieutdeling rett etter rennet.

Påmelding Klepparennet: nmslinde@frisurf.no

Frist for påmelding: 9. mars

http://www.syril.no

Velkomen til ein fin skidag på Kleppa!

Medaljedryss i telemark!

img_1230I dag, som i går, vart ein veldig god dag for Syril og Luster sine telemark-køyrarar. Dagens disiplin var Paralell.

Øyvind vann NM-bronse etter sterk køyring og Sara tok sin andre gullmedalje for helga i aldersbestemt 15 – 16 års klassen.

Lustringane Andrea Fiskaa Haugen vant NM gull for jenter junior og Eirin Fiskaa Haugen tok ein flott 4. plass.

Alt i alt i svært god helg for Sogningane!

img_1223

Delta på Klepparennet 2017

Tid: 11. mars 2017 kl. 13

Stad: Kleppa på Leikanger

Stilart: Fristil

Vert arrangert saman med Skikarusellen (start ca 13.30)

Startrekkefølgje:

15-16 år: 5 km

13-14 år: 3 km

11-12 år: 2 km

10 år og yngre: 1 km

Skikarusellen

Kiosk

Premieutdeling rett etter rennet.

Påmelding Klepparennet: nmslinde@frisurf.no

Frist for påmelding: 9. februar

Velkomen til ein fin skidag på Kleppa!

Prisar for Kleppa 2017

Syril held prisen stabilt på 2016-nivå for 2017. Ein slik deal får du ikkje mange andre stadar 😉

Kleppakort 2017

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa. Årskortet i slalombakken, skikarusellar, lysløypeavgift og treningsavgift langrenn («Løypeavgift Kleppa»).

Kleppakortet er for sal i vaktbua eller til bankkonto 3781.07.31029 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler på nett.

  Barn 0-6 år Barn 7-15 Vaksne Familie
Kleppakort Gratis 800 800 2 000
Dagskort Gratis 100 100 200
Kveldskort Gratis 60 60 120
Enkelttur Gratis 20 20 40

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20.

Alle i familien vil få utskreve eigne kort. Kortet kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Løypeavgift 2017

Avgifta dekker drift- og vedlikeholdkostnader for trakkemaskiner, lysanlegg og løyper. Løypeavgifta kan betalast direkte på nettbank eller med kontantar i vaktbua/skitrekket. Minner om at løypeavgifta er inkludert i Kleppakortet.

Løypeavgift Kleppa kan betalast til Syril sin bankkonto 3781.07.31029 og merkast med namn og Løypeavgift Kleppa.

Alder Pris
Småbarn 0-6 år Gratis
Person 500
Familie Alle i familien 800

Alt om Kleppa

Alt om Kleppa finn du under https://syril.no/anlegg/kleppa/. Mellom anna finn du ei lenke til skisporet der. Du får full oversikt over når trakkemaskina sist køyrde opp løyper og preparerte bakken.