Kategoriarkiv: Ski

Sogn og Fjordane-leikane

Sogn og Fjordane-leikane er utsett til laurdag 12. januar 2019 pga. snøforholda. Arrangementet vert elles gjennomført som planlagt i Sogndal Skisenter.

Sogn og Fjordane-leikane er eit arrangement på tvers av alle greinene i Sogn og Fjordane Skikrins og er open for alle, både aktive og nye, til å prøve ut dei ulike greinene.

Her skal alle kunne prøve alpint, langrenn, hopp, randonee og telemark uansett kva skiutstyr ein har. Det blir laga til spennande løyper for alle greinene rundt SIL-hytta i Sogndal Skisenter.

Les mer om Sogn og Fjordane-leikane her

Presentasjon

Klepparennet 2019

Tid: 19. januar 2019 kl. 12.00
Stad: Kleppa på Leikanger.
Stilart: Fristil med intervallstart

  • G og J 10 år og yngre: 1 km
  • G og J 11-12 år: 2 km
  • G og J 13-14 år: 3 km
  • G og J 15-16 år: 5 km
  • K 17 år og eldre: 5 km
  • M 17 år og eldre: 10 km

Innkreving av deltakaravgift vert sendt klubbane etter rennet.
Start etter alder, dei yngste først.

Arrangøren og skikrinsen viser til at rennet er fluorfritt t. o. m. 16 år.

Garderobe tilgjengeleg
Kiosk
Premieutdeling etter rennet

Påmelding: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane
Eller til: nmslinde@frisurf.no
Frist for påmelding: 17. januar 2019

Velkomen til ein fin skidag på Kleppa!

Hjelm er viktig

HjelmErViktig
Raud pil peikar på fordjupinga

Tenkte vi skulle dele eit eksempel på kvifor hjelm er viktig og påbudt i skibakken på Kleppa.

Bilete til høgre viser resultatet av samanstøyt med eit tre i «Mungo-løypa». Dette er ikkje ein del av skibakken, men terrenget aust for skitrekket, bak trekkhytta. Mange synes det er kjekt og utfordrande å køyre her. Det er mykje som stikk opp og ein kan vere uheldig.

Skikøyraren i eksempelet hekta i noko og kom siglande på rygg ned mot eit tre. Farten var forholdsvis liten. Hjelmen gjorde jobben sin og hindra skade på hovudet.

Ein hjelm til nokre hundre kroner er ei rimeleg investering. Om du har gløymt eller manglar hjelm, har Syril hjelmar i trekkhytta til gratis utlån for dagen.

Skikarusell på Kleppa 2018

Skikarusell 2016Skikarusellen på Kleppa startar 13. januar. Det er planlagt 6 renn i løpet av vinteren:

  1. Laurdag 13. januar kl. 13-14
  2. Laurdag 20. januar kl. 13-14
  3. Laurdag 3. februar kl. 13-14
  4. Laurdag 10. februar kl. 13-14
  5. Laurdag 3. mars kl. 13-14
  6. Laurdag 10. mars kl. 13-14  med premieutdeling/sesongavslutning kl. 14.30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet. Dei som har kjøpt Kleppakort treng ikkje betale for deltaking på skikarusellen.

Fjellturar

Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 10. mars.

Premiering

Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle med 4 poeng eller meir. Det vert premieutdeling laurdag 10. mars.

Kleppakort

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa ein vintersesong. Kortet dekkar slalombakken, skikarusellar og løypeavgift. De finn meir info her: https://syril.no/anlegg/kleppa/.

Opningstider i trekket

Vi gjer ei lita justering av opningstidene. Det betyr at du kan sove ein halv time lenger i helga 😉

Opningstider Frå Til
Tysdag (kveld) 18.00 20.30
Torsdag (kveld) 18.00 20.30
Laurdag 11.30 15.30
16.00 mars/april
Søndag  11.30 15.30
16.00 mars/april

Alle må retta seg etter skilt i bakken og respektere oppsette sperringar og andre sikringstiltak.

DET ER PÅBOD OM BRUK AV HJELM. (Gratis utlån også for vaksne)

Informasjon om Kleppa som inkluderer opningstider med meir finn du alltid her: Kleppa