Kategoriarkiv: Ski

Stavsete skifest 2026

Laurdag 2. mai.
Rebusløp for barn på veg fram til arena Stavsete

Frå klokka 11:00

  • Skirenn for dei yngste
  • Sognefjordrennet – Fjellcross (alpint-telemark-snowboard)
  • Lavvocamp
  • Gratis grillmat, lappar, kaffi og saft

Søndag 3. mai.

  • Toppturar – Opplev Leikangerfjedli i skresikkert terreng med kjentfolk
  • Workshop – «Finn den gode snøen» med tindevegleiar

Sjå Facebook (Sognefjordrennet) for meir info og påmelding

Skikarusell 2026

Årets skikarusell startar opp fyrstkommande laurdag, 10. januar. Møt opp i tidsrommet mellom kl. 10-12 på Kleppa.

Det er fine forhold med trakka spor på vegen, så runden blir tur/retur helikopterplassen eller så langt ein vil gå. Nede er det lite snø med grastustar som stikk opp, men det er og fint mogleg å labbe ein runde nede for dei minste.

Boka er lagt ut på Øvstestølen for dei som vil gå opp der (merk at det ikkje pr no er trakka spor opp der).

Det er også greie akeforhold og fin is på froskedammen.

Møt opp og få deg eit startnummer – gå på ski, bruk akebrettet eller gå på skøyter. Kiosken er open.

Vel møtt!

Dei andre datoane for årets skikarusell finn du på sida til langrenn: https://syril.no/ski/barneski/

Dugnad på Kleppa

Set av laurdagane 25.10 og/eller 1.11. Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Vi satsar på ein snørik sesong, og det skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så det er meir enn nok å ta av!

Ta med hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending 🙂

Vi set av to laurdagar, så kom på ein eller kom på begge. Passar ingen av laurdagane og du likevel har lyst til å bidra, så ta kontakt med meg (Inga Henjum Halsnes tlf 936 59 732), så kan vi avtale noko. Det er viktig at ikkje nokon byrjar å rydde der oppe utan avtale med meg. Har du ein kantklippar med blad eller sag, gi gjerne ein lyd til meg og ta denne med. 

Dugnad i skianlegget på Kleppa


Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Også i år skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så sjølv om det vart gjort ein formidabel innsats i fjor, er det mykje som skal gjerast i år òg.
 
Ta med hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending 🙂

Vi har sett av to laurdagar:

  • 26.10 kl 10:00
  • 02.11 kl 10:00

Heiskøyrarkurs 28. februar kl 18:00

Det blir altså nytt heiskøyrarkurs onsdag 28. februar kl 18. Oppmøtestad – Skitrekkhytta

Tryggleik i drifta av anlegget på Kleppa er særdeles viktig. Kontroll på og gjennomføring av alle oppstartsrutinar noko av det viktigaste for å sikre trygg drift for på anlegget.

Vi ønskjer(krev) at som skal fungere som heiskøyrarar på trekket har gjennomgått heiskøyrarkurs. Kurset 28 februar blir truleg det siste for sesongen 2023/2024.

Skikarusell 3.2. avlyst!

Det er fare for ein god del nedbør og vind på laurdag, så me avlyser skikarusellen denne gongen. Det kan bli utriveleg for dei minste om det skulle slå over til regn.

Neste skikarusell er ikkje før 2. mars på grunn av vinterferien og ein handballturnering, men det blir truleg sett opp ein ekstra kveldskarusell i løpet av februar.

Elles er boka på Øvstestølen eit fint turmål i mellomtida.