Kategoriarkiv: Handball

NM veteran handball

NM Veteran 2016Syril har ein gjeng som har lyst å delta på NM veteran handball med eit damelag. Meisterskapet er siste helga i oktober, 28. – 30.10.2016, i Trondheim. Ein må ha fylt 35 år for å delta, og det er jo så klart ein fordel om ein har spelt litt handball før.

Ta kontakt med:

  • Mari Fykse – 971 37 337
  • Pia Hickman – 948 69 455

Handballmoro i Leikangerhallen

Laurdag 12.desember var Syril handball arrangør for handballturnering med jenter og gutar født i 2006.

12 lag frå klubbane Syril, Vik, og Bjørn deltok. Dei mange frammøtte på tribuna fekk med seg god handball med mange flotte scoringar, gode redningar, speleglede og ikkje minst fair play. Det vart spela 25 kampar og scora omlagt 250 mål.

Til tross for at dei berre har spelt handball i eit par månader, viste mange gode ferdigheiter. Det kan tenkjast at handball- VM i Danmark har gitt dei både inspirasjon og engasjement for idretten.

Ei stor takk til dommarar, sekretariat, kiosk og alle andre som la ned ein stor dugnadsjobb for å få gjennomført eit godt arrangement.

Handball i Leikangerhallen 06.12.15

21051206 Handball i Saften

J10 spelte kampar i Leikangerhallen:

  • Sogndal 2 – Syril
  • Jotun/Årdalstangen 2 – Sogndal
  • Syril – Jotun/Årdalstangen
  • Sogndal 2 – Jotun/Årdalstangen 2
  • Sogndal – Jotun/Årdalstagen

Første kamp mot Sogndal 2 vann jentene 3-2 etter ein strålande avslutning. Andre kampen mot Jotun/Årdalstangen enda 4-4

Dommarar på kampane har vore Siv Hicman, Siri Fossøy og Kristine Linde Røyseth.

 

Handball i Leikangerhallen fyrste helga i advent

I helga vart det spela 7 kampar.

Fredag kveld hadde me besøk av Aurland sine 15 års jenter. Dette var ein kamp som Syril dominerte frå start til mål. Syril vann klart 33-7.

Laurdag var det Syril sine jenter 12 år som starta med å vinne over Bjørn. Sluttresultatet vart 7-3.

Så var det jenter 13 år sin tur som starta med å vinne over Høyang 2. Ein kamp der dei først låg under, men kom sterkt på slutten for så å vinna med 9-5. I den andre kampen deira den dagen var mot Høyang 1. Her vart det litt tøffare tak, og jentene våre tapte 15 – 9.

I gutekampen mellom Syril og Eid/Haugen i klasse G14 vart det til slutt borteseier med 13-17.

Alle kampane på laurdag vart leia av Siv Hickman, Siri Fossøy, Kristine Linde Røyseth og Ingrid Fredheim. Dei tre første er nettopp ferdige med «dommar1- kurs» som vil seie at dei no er klare for å dømme opp til og med G/J14. Per Reidar Svangstu frå Bjørn var til stades på alle kampane som dommarobservatør. Tilbakemeldingane frå han var svært gode, og me håpar desse vil hjelpe oss med dømminga i Leikangerhallen i mange år.

Søndag var det igjen klart for kamp. Denne gang med voksne damer frå Syril og Førde 2. Førde 2 starta kampen i stort tempo, og leda kampen 7-1 etter 15 minutt. Men damene til Syril ville det annleis, og åt seg sakte men sikkert inn på Førde 2. Med om lag 12 minutt igjen av kampen var stillinga 17-17. Derfrå og inn vart det mykje neglebiting for dei om lag 100 som sat/sto på tribunen. Syril klarte det og vann 21-19.

I siste kampen i helga var det Syril sitt jente 15 som skulle måle krefter med Jotun/Åtil sine jenter. Jentene til Syril var mykje sterkare, og vann igjen som dei gjorde på fredag kveld. Denne gongen med 25-12.