Handballmoro i Leikangerhallen

Laurdag 12.desember var Syril handball arrangør for handballturnering med jenter og gutar født i 2006.

12 lag frå klubbane Syril, Vik, og Bjørn deltok. Dei mange frammøtte på tribuna fekk med seg god handball med mange flotte scoringar, gode redningar, speleglede og ikkje minst fair play. Det vart spela 25 kampar og scora omlagt 250 mål.

Til tross for at dei berre har spelt handball i eit par månader, viste mange gode ferdigheiter. Det kan tenkjast at handball- VM i Danmark har gitt dei både inspirasjon og engasjement for idretten.

Ei stor takk til dommarar, sekretariat, kiosk og alle andre som la ned ein stor dugnadsjobb for å få gjennomført eit godt arrangement.