Kategoriarkiv: Fotball

Fotballtrening og nye retningslinjer.

Det er etter kvart fleire og fleire lag som er starta oppatt med treningar på Syril stadion, og det er flott å sjå! Syril fotball minnar om retningslinjene som skal følgast når det kjem til aktivitet på bana.

Frå og med i dag (7.mai) er det nye retningslinjer, og alle som har ei rolle som trenar/lagleiar skal gjera seg kjent med og etterleva koronavettreglane som ligg her: https://www.fotball.no/tema/nff-nyheter/2020/nye-koronavettregler/ . Me anbefalar og alle foreldre til å lesa seg opp på retningslinjene og snakke om desse med ungane.

Ingen organisert fotballtrening på Syril stadion for tida, men eigentrening er lov!

Her er nokre einkle råd for korleis eigentrening kan gjennomførast innanfor helsestyresmaktene sine anbefalingar:

– Tren åleine eller i små grupper (maks 3-4 stk), familiegrupper kan vera større.

–  Hald avstand til kvarandre, 1-2 meter.  

–  Tren gjerne med dei same vennene.

–   Ikkje tren om ein har symptom på forkjøling eller anna sjukdom.

Det er mange kjekke og nyttige øvingar ein kan gjera åleine eller i små grupper; pasningar, demping, skot, hurtigheit, kondisjon og mykje meir.

Så oppmodar vi alle unge og vaksne å forholda seg til helsestyresmaktene sine retningslinjer.

Så gler vi oss alle til vi kan starta med fellestreningar og kampar igjen.