Kategoriarkiv: Fotball

Norway Cup 2016

Så var nok ei Norway Cup-veke over og Syril kan sjå tilbake på flotte opplevingar både på og utanfor fotball-løkka. Alle laga har hatt base på Haraldsheimen, Syril sin faste innkvarteringsstad.

haraldsheimen

Her har vaksne delt dagens opplevingar over kjøkengryter og kaffikoppar, medan ungdommane har samlast om bordtennis, kortspel og fotball-leik. Tusenfryd, go cart, laserskyting og shopping er det også blitt tid til. Men først av alt er sjølvsagt veka full av fotball!

Alle laga var i aksjon til onsdag kveld, då måtte småjentelaget gje tapt i 16-dels finalen, A-sluttspelet mot Skodje IL som seinare kom til finalen og vann sølv.

NC Syril J13-14.jpg

Smågutane fekk med seg enno ein kamp, men torsdag morgon rauk dei ut mot laget som seinare blei vinnaren av B-sluttspelet, Løvenstad 2.

NC Syril G14

Jenter 15/16 stilte lag i 11-ar serien i år og spelte seg til ein flott kvartfinaleplass. Her stogga cupeventyret for denne gongen, mot vinnaren av finalen, Langfjorden FK!

NC J15-16

Den store overraskinga stod juniorjentene for, eit lag som var sett saman for cupen spesielt. Med god hjelp av SIL-spelarane Vibeke Solheim og Trude Kveane spelte laget seg til puljevinner i klasse 17/19 år, og gjekk direkte til kvartfinale. Der slo dei ut kanadiske Yukon Selects, men gjekk i semifinalen på tap i straffesparkkonkurranse mot sølvvinnar Trygg/Lade

NC Syril J17-19

Likevel: Ei flott oppleving, som vi håpar ga meirsmak til meir fotball framover 😊

Takk for i år, Norway Cup!

Syrillaga på Norway Cup

 

Då har alle laga til Syril vore igjennom gruppespelet. J 14 vann gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 15.40. G 14 vart nr. 3 i gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 11.40 i B-sluttspelet. J 16 har og vunne gruppa si, og skal spele 1/32 finale i dag kl.13.15. J 17/18/19 har vunne gruppa si, og skal spele 1/4 finale i morgon kl.12.45

Gull på Dana Cup

Dei 5 jentene frå Syril kjem heim med gull frå Dana Cup. Kaupanger har vore suverene gjennom heile turneringa. Sjølv om to av kampane blei avgjort på straffespark, så har ikkje Kaupanger sluppe inn eit mål etter ordinær tid. I finalen i dag, vann dei 2-0 over Forus & Gausel. Syril Fotball vil gratulera Syriljentene, Kaupanger og alle dei som har vore med på denne fantastiske prestasjonen.

Jan Tore Slinde
Sportsleg leiar Syril

Syrilspelarar til Dana Cup

Når Kaupanger reiser til Dana Cup, så er det med 5 Syrilspelarar i troppen. Kristi Vangsnes, Siv Hickman, Andrea Henjesand, Stine Gjerde og Synne Gjerde skal representera Kaupanger J16 under årets Dana Cup.

Desse jentene har hatt fast hospitering med Kaupanger ein gong i veka sidan i vinter/vår. Der har dei imponert, og eg har fått gode tilbakemeldingar på dei frå Kaupanger.

Dette er kjempeflott for jentene, og her er det berre å gje bånn gass 🙂

Syril Fotball ynskjer dei lukke til i turneringa.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Syrilgutar hospiterar til Fjøra

A-laget til Syril tek no sommerferie og i den sammenheng så skal Stian Sælid Njøs og Anders Walaker hospitere til Fjøra FK i 2 veker. Det er kjekt for Syril at andre klubbar ønsker å sjå på spelarane våre og ikkje minst er det kjekt for gutane som skal inn og måle krefter på eit høgre nivå. Det er viktig for Syril som klubb og vise at hard jobbing gjev resultater. Og med denne kontakten som me har inn mot klubbane Fjøra, Sogndal og Kaupanger så ønsker me og legge til rette og åpner dører for dei som kvar veke jobber knallhardt for å bli bedre i fotball. Hospitering ut av klubb er viktig for å måle krefter på høgre nivå og for å måle seg med dei i samme årsklasse.
Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar