Det er krav til at alle idrettsklubbar skal bekrefte at alle som skal utføre oppgåver som i vesentlig grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, har gyldig politiattest.
Alle trenarar eller lagleiarar i barne og ungdomsidretten skal ha gyldig politiattest. Før du søker om politiattest må du ha stadfesting frå klubben om at du treng dette.
Leiar i Syril, Elianne Eggum, er politiattestansvarleg, og leiar i handballgruppa, Olav Haugen, er politiattest vara.
- Fyll ut skjema for stadfesting frå klubben. Skjemaet er delvis fylt ut, og du må fylle ut dei felta som ikkje manglar. Skjema for utfylling finn de her: Søknadsskjema for politiattest
- Logg deg inn på https://www.politiet.no/tjenester/politiattest/
- Vel kategori og formål frå nedtrekksliste. Kategori og formål er frivillige organisasjonar.
- Last opp utfyllt skjema for stadfesting (sjå punkt 1 over).
- Vent på svar. Det tek normalt 2 veker og du får politiattesten i din Digitale Postkasse eller posten.
- Når du har motteke politiattesten, skal den framvisast (ikkje leverast) til ein av dei politiattestansvarlege, innan 3 månadar frå du mottok attesten.
Meir info på: https://www.politi.no/tjenester/politiattest/