Bestilling av buss
I Spond er det oppretta ei eiga gruppe for bestilling av buss. Denne gruppa skal alle lagleiarar ha tilgang til (gi beskjed til gruppeleiar om du ikkje har tilgang).
I Spond-gruppa, under filer, ligg eit rekneark med oppdaterte bestillingar for bussen. Her ser ein kven som har bestilt bussen, og kvar dei skal. Før ein bestiller buss, må ein sjekke om bussen er ledig og/eller om de har prioritet.
Det er kun lagleiarar, eller anna kontaktperson, som skal bestille buss. Dette gjer ein ved å sende melding i spond-gruppa til bussansvarleg. Bestillinga må innehalde dato, stad og namn på sjåfør.
Kven har rett på bussen ved dobbelbooking?
- Om fleire ynskjer buss same dag, vert dei med lengst reiseveg og/eller ferje prioritert.
- Ved flytting av kamp, mistar ein i utgangspunktet prioritet, men her må ein vise skjønn.
- Dersom ein ynskjer bussen ein dag den er oppteken, eller bytte bestilling med anna lag, ta fyrst direkte kontakt med aktuell lagleiar, og gi deretter beskjed til bussansvarleg om endring av bestillinga.
Henting og levering
Nyklar hentar ein på Leikanger auto mellom kl. 08-16. Dersom ein ynskjer å hente etter opningstid, ring Leikanger auto, og avtale direkte med dei.
Nytt! Bussen hentast og parkerast på Hanahaug, på parkering ved sida av gamle samvirkelagbygget.
OBS: Etter bruk før levering av buss, skal tanken fyllast opp.
Registrering av bruk
Til Lagleiar/Sjåfør: Sjåførkort må setjast i teljaren.
Kvart einskildt lag som nyttar bussen skal utgiftsførast etter kor mykje dei nyttar bussen. Det er laga ein «LOGG Bruk av SYRIL-bussen» der laga er pålagde å skriva:
- KM ved start og
- KM ved retur samt
- samla køyrde KM.
Det skal òg innehalda opplysningar om:
- dato,
- reisemål og
- sjåfør sin signatur.
Merknadsrubrikken skal berre brukast dersom det er noko med bussen.
Framme i mappa er det eit register som gjev opplysningar om kva side laga finn sine skjema. Registeret har òg opplysningar av ansvarlege lagleiarar. Det er viktig at loggen vert ordentleg ført og at det er leseleg.
Ferje og diesel
Bussen har Autopass-brikke for ferjestrekninga som har dette utstyret. På andre strekningar må Autopass-ferjekort brukast. Kortet er knytt til bussen og kan ikkje brukast av andre køyretøy dersom laga må nytta privatbilar i tillegg til bussen. Autopass-ferjekortet ligg i ei plastlomme fremst i mappa «Køyrelogg». I plastlomma ligg òg kort for dieselpåfylling med kode.
Ordensreglar
- Lagleiar/sjåfør er ansvarleg for at bussen vert rydda og eventuelt vaska innvendig etter bruk.
- Det skal sjåast etter at det ikkje ligg att noko i bussen som ikkje høyrer heime der.
- Dørken skal kostast/støvsugast evt. tørkast med ein fuktig klut dersom det er mykje skit som ikkje let seg fjerna med kost/støvsuging.
- Vi anbefalar at det blir avgrensa kva spelarane/passasjerane får anledning til å nyta av drikke/mat i bussen. Hugs, at det er laget sjølve som er ansvarleg for at bussen er like rein som når ein henta den, og som får arbeidet med å vaske om det blir mykje søl.
- For at borna skal ha eit forhold/eigarskap til ordenreglane nemner de opp to av borna som har ansvar for at reglane vert etterfølgde kvar tur.
- Sist, men ikkje minst må evt. skade på bussen, dersom nokon skulle vera så uheldige, melda dette til Jørn Njøs (tlf: 975 17 600).
«Herjing» i bussen skal ikkje godtakast. Fotballsko etc. skal ikkje vera i seta, men på dørken. Når det er born i bussen, skal dei vera under oppsyn av lagleiar/sjåfør.
Boss og feiing
Bossbøtte er fastmontert bak passasjersetet med innlagd plastsekk som de tek ut etter turen og kastast i bossdunk SIMAS.
Ny sekk for bossbøtte finn de hylle over førarplassen.
Feikost og feiebrett finn de i bagasjerommet.