Kategoriarkiv: Syril

Uttale om Saften

Syril har ikkje for vane å uttale seg om politiske saker som føregår i kommunen, men no ser vi at behovet er der. Utbygginga på Saften er så viktig for heile Leikanger, og påverkar også idretten si rolle i kommunen. Vi har difor sendt følgjande innlegg til Sogn Avis:

Invester i ungdommen og lokalsamfunnet – det lønner seg

Utbygginga på Saften med kulturlokale, nytt bibliotek, frivilligheitssentral og oppgradert idrettshall, har vore ein del av økonomiplanen til Sogndal kommune i fleire år. No vurderer kommunen å gjere innsparingar ved å skrinlegge prosjektet. Som største frivillige organisasjon på Leikanger, meiner Idrettslaget Syril det er viktig å investere i ungdommen og lokalsamfunnet, og gjennomføre prosjektet.

Kvar einaste dag legg frivillige i idretten ned ein enorm innsats for å skape aktivitet og trivsel for barn og unge i heile Sogndal kommune. Leikanger og i Syril idrettslag inkludert. Dette er arbeid som gir verdiar langt utover idretten – det byggjer fellesskap, styrkar lokalsamfunnet og bidreg til å førebygge utfordringar som utanforskap og dårleg folkehelse. Både for vaksne og born. Resultatet av dette arbeidet ser vi ikkje att kun i idretten, men i heile lokalsamfunnet.

I Leikanger er nesten halvparten av innbyggarane medlem i idrettslaget, og om vi snakkar om aktive brukarar av anlegga vi har, så kan vi nesten doble dette talet. Vi ser kor viktig det er å ha møteplassar. Men, ikkje alle har tid, helse eller interesse av å møtast på idrettsbana, i skogen eller i skiløypa.

Når kommunen vurderer å kutte i tilbod som ungdomsklubb, bibliotek og kafé, ber vi dei om å løfte blikket og sjå på den langsiktige samfunnsøkonomiske verdien av slike tiltak. For kvar krone som blir brukt på førebyggande arbeid for ungdom, og for inkludering og trivsel i bygda, sparar vi mangedobla beløp seinare. Å kutte i slike tilbod betyr ikkje berre å spare pengar på kort sikt – det betyr også å betale prisen på lang sikt. Ved å investere i breidda og mangfaldet i tilboda til lokalsamfunnet i Leikanger, bidreg ein til å bygge grunnlaget for ei sterk og levedyktig bygd.

Heile Sogndal kommune vinn ved at det er triveleg å bu i alle delar av kommunen. Det kostar, men vi har ikkje råd til å la vera. Lytt til oss!

På vegne av Syril idrettslag,

Elianne Eggum (leiar)
Sindre Ramung (nestleiar)

Har du innspel til handlingsplan?

Syril hovudstyre jobbar akkurat no med å lage handlingsplan for idrettslaget, og vi ynskjer gjerne innspel frå medlemmane våre!

Har du tankar rundt:

  • Kva slags klubb Syril skal vera for medlemmane sine?
  • Korleis vi som klubb skal jobbe for å oppnå dette?

Klikk deg inn på denne lenkja og send oss dine tankar :
https://forms.office.com/e/HVpuGmFFKN

Intersport ny hovudsponsor for Syril

Intersport har inngått hovudsponsoravtale med idrettslaget Syril. – Det har vore eit vakuum etter at Erling Røysum la ned sportsdelen av butikken rundt nyttår, men vi er no veldig glade for at vi endeleg kan annonsere at Intersport tek over der Erling Røysum slutta, seier Elianne Eggum, leiar i Syril.

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med Erling Røysum i mange år, og vi opplev allereie at vi er i gode hender no når Intersport blir del av sponsorpakken vår, fortset Eggum.

– Intersport har allereie vore sponsor på mange av Syril sine arrangement tidlegare, og det er i så måte ikkje heilt upløgd mark for nokon av oss. Vi har sett fram til å kunne annonsere at Intersport no blir ny sportssponsor for Syril, seier Reidar Dvergedal, dagleg leiar hjå Intersport.

Gjennom avtalen får Syril tilgang til treningsklede, -sko og anna idrettsutstyr på gunstige vilkår. Også Syril sine medlemmar får nyte godt av rabattar på klubbkolleksjonen som Intersport tilbyr Syril.

Intersport og utstyrsleverandørar som Umbro og Craft vil få marknadsføre og profilere merkevarene sine gjennom Syril.  Nokon har kanskje sett at Intersport-logoen allereie har dukka opp på dei nye Syril-draktene. I tillegg vil Intersport-logoen framover dukke opp på anlegga til Syril.

– Vi ser fram til eit godt samarbeid med Syril, og gler oss til å vera meir synlege ute på Leikanger, seier Reidar Dvergsdal.

Lars Johnny, Røysumen, i vårt hjarte!

Leiar i Syril, Elianne Eggum, takka av Erling Røysum AS som mangeårig hovudsponsor og utstyrsleverandør til Syril. Her er helsinga hennar til Røysumen:

Det er med blanding av takksemd og vemod at vi no takkar deg av som hovudsponsor. Etter mange år med eit fantastisk samarbeid, så var tiden inne for deg å søke nye utfordringar. På vegne av heile Syril ynskjer vi å takke Erling Røysum, eller Røysumen, for ei utruleg god støtte opp gjennom åra. Logoen har vore på drakter og veggar så lenge vi som går i Syril-klede kan hugse, og din støtte, Lars Johnny, har vore upåklageleg i alle desse åra.

Opp gjennom åra har vi ikkje berre hatt gleda av å ha deg som sponsor, men og som ein viktig del av vår idrettslege fellesskap. Din positive og støttande haldning har vore til inspirasjon for oss alle. Med logoen din på drakta, så har du vore med oss i opp- og nedturar. Du har ikkje berre vore ein sponsor, men ein medspelar i alle desse åra, og det vil verta vanskeleg å erstatte deg heilt.

– På vegne av Syril, så ynskjer eg å sei takk for tida som hovudsponsor i Syril, og så håpar eg at Røysum-logoen framleis blir med oss, om ikkje på spelardraktene, så på andre flater i Syril.

Vi har vita ei stund no at det kom til å verta endringar etter omlegging av butikk, men vi venta så lenge vi kunne før til slutt måtte innsjå at vi måtte finne erstatning for vår lokale butikk. No har Lars Johnny og Røysumen no gitt stafettpinnen vidare til ny sportsleverandør.


Årsmelding for Syril, årsmøte, val og vegen vidare

21. mars vart det gjennomført årsmøte i Syril. Møtet vart halde på Leikanger fjordhotell. Det møtte representantar frå alle gruppene i laget.

Val

Det vart gjennomført val og valkomiteen hadde gjort ein god jobb i å få namn bak verva som stod ledige. Torill Felde, som var leiar for valkomiteen, tykte dette gjekk så fint, at ho til like greit takka ja til å halde fram som leiar :).

I år var det mange som takka ja til å halde fram med vervet sitt, noko som er veldig gledeleg og godt for samarbeidet i gruppa. Men, nokre valde å takke for seg etter lang og tru teneste, og vi ynskjer spesielt å takke Karl Erik Johnsen for den gode innsatsen han har lagt ned i Syril alle desse åra han har vore med. Men, heilt ute av Syril er han ikkje, då han takka ja til å framleis sitte i prosjektgruppa for KO. Den fulle oversikten over kven som er vald inn i Syril ser de lenger nede.

Arbeid framover i Syril

Referatet frå møtet ligg tilgjengeleg, men nokre av hovudpunkta frå møtet var at det framover vil bli jobba med å få på plass klubbhus på Syril stadion og oppgradering av skihytta på Kleppa. I tillegg fekk vi på plass ei ny særgruppe i Syril, og vi ynskjer Martin Stølen og volleyballgruppa velkommen som eiga gruppe i klubben.

Det vil framover også bli lagt ned ein innsats i å tydleggjere kva Syril som fleiridrettsklubb står for, og gjera det lettare å få oversikt over kva vi tilbyr som klubb. Arbeidet vil ende opp i ein handlingsplan for klubben, som vi håpar å få presentert til hausten. Her vil det bli lagt opp til ei brei involvering av alle i hovudstyret, men vi vil også oppfordre medlemmane elles til å komme med innspel.

Innvalde i Syril hovudstyre

Syril hovudstyre
LeiarElianne Eggum
NestleiarSindre Ramung (ny)
Kasserar
StyremedlemRonny Rydningen
StyremedlemOlav Øyen (ny)
Leiarar i særgruppene
FriidrettTorhild Brudvik
HandballOlav Haugen
FotballErlend Husabø
SkiInga Henjum Halsnes
VolleyballMartin Stølen
TrimEva Hamre

Referat og årsmelding

Referat/protokoll årsmøte 2024

Årsmelding Syril 2023

Politiattest + trenarattest = Sant!

«Alle med oppgåver i idretten som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold til mindreårige eller mennesker med utviklingshemming, skal syne fram politiattest.» I tillegg skal alle trenarar ha gjennomført trenarattest.

I 2021 vart det vedteke av idrettstinget at det er obligatorisk for alle trenarar å ta Trenarattesten. Trenaratttesten tek deg gjennom dei viktigaste oppgavene og forventningane til deg som trenar. I tillegg får du tilgang til ei ressurside som kan nyttast etter behov.

Trenarattesten er delt inn i tre nivå – ein for trenarar i barneidretten, ein for trenarar i ungdomsidretten og ein for trenarar i vaksenidretten. Du tek attest for det nivået du trenar. Husk å knytt attesten opp mot Syril. Det tek kun 10-20 min å gjennomføre Trenarattesten. Kanskje passar det å ta attesten no?

Gå til Trenarattest: https://www.idrettsforbundet.no/digital/trenerattest/

Gå til Politiattest:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/politiattest/

Les meir om politiattest i Syril:
https://syril.no/idrettslaget/politiattest/

Har du vist fram politiattest, og gjennomført Trenarattest, men det syner ikkje i MinIdrett? Ta kontakt med gruppeleiaren din, så ordnar vi det.