Kategoriarkiv: Syril

Pilotprosjektet Syril-rekruttar – vi vil ha dine innspel!

Vi i Syril har jobba med eit nytt prosjekt som vi har kalla Syril-rekruttar. Målet er å gjere idretten meir tilgjengeleg, variert og motiverande for dei yngste – og å skape gode opplevingar som gjer at fleire barn held fram i idretten lenger.

I fyrste omgang ynskjer vi å prøve dette ut som eit pilotprosjekt for 2020- og 2019-kulla, men ambisjonen er at det etter kvart kan bli ein fast måte å trene dei yngste på i Syril.

Presisering (pr 07.11.25): Dette prosjektet vil altså kun gjelde det fyrste kullet, dvs. 5-6 åringane, det fyrste året dei er medlemmar i Syril. Og det vi no ynskjer å få svar på, er om det er stemning for å prøve dette i eitt år.

Endeleg avgjersle på om vi prøver ut piloten, blir teken i hovudstyremøtet til Syril i desember.

Forankring og medverknad

Dette prosjektet skal ikkje «innførast ovanfrå». Vi ønskjer at det skal forankrast godt hos foreldre, trenarar og særgrupper før vi set det i gang for alvor. Alle særgruppene har gitt sine tilbakemeldingar, og no vil vi høyre frå deg!

Vi veit at mange har verdifull erfaring, gode idéar og ulike perspektiv på korleis idretten for dei yngste bør vere – difor ønskjer vi innspel frå alle.
Har du tankar, forslag eller spørsmål? Alle tilbakemeldingar blir tatt med i det vidare arbeidet med prosjektet.

Kva går prosjektet ut på?

I dag tilbyr vi hovudsakleg handball, fotball og friidrett til dei yngste.
Forsking viser at barn som får prøve fleire idrettar utviklar betre rørsleferdigheiter, held betre på motivasjonen – og har det rett og slett meir gøy.

Difor vil vi no prøve eit heilårsopplegg der ca. ein av fire treningar blir brukt til andre aktivitetar enn dei vanlege. Vi vil skape ein kultur der det er aktiviteten og leikegleda, ikkje idrettsgrenen, som står i sentrum når barna er 5–7 år.

Dette er faktisk noko vi har gjort ei stund i handballen, der barneidrett er ein naturleg del av treningane. Med Syril-rekruttar ønskjer vi å vidareføre denne tanken til alle idrettane – gjennom heile året.

Ski held fram som før, sidan det er blanda kull og avhengig av vêret.

Kven gjeld det for?
Pilotprosjektet startar for alvor med 2020-kullet, men vi ønskjer at 2019-kullet kjem i gang allereie no. Då får vi verdifull erfaring og kan justere opplegget før pilotåret startar.
Dersom prosjektet fungerer godt, vil det etter planen bli fast praksis for alle nye kull frå 2027.

Korleis blir det organisert?
Organiseringa byggjer vidare på den strukturen vi har i dag:

  • Kvar treningsgruppe har lagleiar og trenarar for inne- og utetreningar
  • Trenarane får støtte frå sine særgrupper, både i form av kursing, opplæring og utstyr (fotball, handball, friidrett)
  • Vi legg inn alternative treningar etter ein felles årsplan, der dei vanlege trenarane får med seg  kompetanse etter behov (innebandy, minivolleyball, etc.)
  • Foreldre får høve til å bidra med eigne idrettar eller aktivitetar

Har du erfaring frå ein annan idrett – til dømes innebandy, turn eller sykkel – kan du bidra med éi eller to treningar gjennom året. Det er både enkelt, sosialt og gjev ungane variasjon!

Vi har mange dyktige trenarar i Syril, og dei får framleis kurs, rettleiing og støtte frå sine særgrupper. I tillegg ønskjer vi å tilby kursing i barneidrett for dei som vil lære meir.

Kvifor gjer vi dette?

  • For å styrke rekrutteringa og halde på fleire barn lenger
  • For å gi både foreldre og barn betre kjennskap til klubben
  • For å svare ut eit ønske frå foreldre om eit meir variert og fleksibelt opplegg
  • For å støtte opp under Syril sitt samfunnsoppdrag om trygg, inkluderande og helsefremjande aktivitet

Kva får kulla som deltek i piloten?

  • Eigne midlar til utstyr og sosiale tiltak
  • Gratis treningsavgift for 1. klasse og redusert avgift vidare
  • Goodie-bag og eigne «Syril-rekrutt» t-skjorter

Merk at dette ikkje vil påverke økonomien til særgruppene, som blir kompensert for treningsavgift som fell bort.

Korleis blir prosjektet utvikla vidare?

Prosjektet har blitt til gjennom arbeid med Syril sin handlingsplan 2025–2029, og i tett samarbeid mellom særgrupper, AU og barneidrettsansvarleg.

No ønskjer vi å forankre det breitt, med innspel frå foreldre, trenarar og medlemmar før vi bestemmer den endelege forma og om det skal prøvast ut.

Dersom vi prøver det ut, og etter at pilotåret for 2020-kullet er over, tek vi ei samla evaluering på kva vi gjer vidare. Då avgjer årsmøtet i 2027 om dette skal bli fast praksis.

Vi vil høyre frå deg!

Alle særgruppene har komme med sine innspel. Vi håpar du engasjerer deg – både med idéar, spørsmål, ros og konstruktive innspel.
Klikk på lenkja under for å svare på spørjeskjemaet innan 9. november:

Tilbakemeldingar på prosjektet Syril-rekrutt. – Fyll ut skjema

Alle innspel er viktige for å sikre at Syril-rekruttar blir eit godt og forankra prosjekt – laga av oss, for oss.

Ynskjer du å lese meir om prosjektet?
Klikk her for å lese den lange versjonen av infoskrivet 🙂

Innsamling av sportsklede og sportutstyr til flyktningemottaket

Syril samlar inn sportsklede og sportutstyr som bebuarane på mottaket kan få disponere mens dei bur der. Vi ønskjer oss:

  1. Treningsklede (gjerne med Syril-profilering, eller nøytrale)
  2. Treningssko (fotball-/hall-/løpesko)
  3. Anna sportsutstyr (f.eks. leggskinn, knebeskyttarar, fotballar/handballar/volleyballar etc)

Klede, sko og utstyr kan leverast i kassen til innsamlinga på Barneskulen (ved Klubbhuset – sjå bilete). Kleda/skoa/utstyret bør vere i ok stand, slik at dei passar til bruk innanfor idretten. Innsamlinga varer oktober-desember 2025. Kassen blir tømt regelmessig.

Klede og utstyr kjem til å bli lånt ut på mottaket til bebuarane der. Ved avreise frå mottaket, returnerer dei utstyret, slik at andre kan få bruke det vidare. Det er mottaket som forvaltar ordninga. Innlevert utstyr blir sett på som ei gåve.

Tusen takk for bidraga dykkar!

Handlingsplanen til Syril – kva klubb er vi?

Lurer du på kva Syril som klubb kan tilby og kva vi jobbar aktivt med å få til? Vel – då anbefaler vi deg å ta ein kik på handlingsplanen til Syril.

Handlingsplanen vart vedteken i årsmøtet i Syril i mars 2025.

Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syril sin visjon, kjerneverdiane og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss, og tiltak som set rammer for korleis idretten skal utførast. Vi vil framover ha eit ekstra fokus på å utvikle idretten for dei yngste, slik at vi får med flest mogleg, lengst mogleg.

Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Syril handlingsplan 2025-2029

Referat m.m. frå årsmøte i idrettslaget Syril

Årsmøtet i Syril vart gjennomført torsdag 27. februar i lokala til Digdir.

I årsmøtet vart handlingsplan for Syril vedteke. Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syrils visjon, kjerneverdiar og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss. Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Årsmeldinga til Syril vart også godkjent av årsmøtet, og den finn du som digital versjon her på syril sine nettsider. I tillegg vil vi trykke opp nokre eksemplar som vi vil dele ut. Dersom du ynskjer eit trykt eksemplar av årsmeldinga, ta gjerne kontakt med oss på post@syril.no.

Vi ynskjer heilt til slutt å takke alle medlemmane våre for støtten de har gitt og innsatsen de har lagt att i klubben. Vi vil også takke alle våre sponsorar som har støtta oss år etter år. Tusen takk! ❤️

Syril handlingsplan 2025-2029 – Flest mogleg, lengst mogleg

Syril årsmelding

Referat frå årsmøte Syril 2024

Årsmøte idrettslaget Syril 27. februar 2025

Årsmøtet i Syril blir avholdt på Digdir i Skrivarvegen 2, kl. 18-19.30, torsdag 27. februar.

Agenda:

1. Konstituering av møte

  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Val av ordstyrar og referent
  • Val av to medlemmar til å skrive under protokoll

2. Godkjenning av årsmelding og rekneskap 2024

3. Medlemskontigent for 2025

4. Budsjett 2025

5. Val

Innkomne saker

6.: Vedtak av handlingsplan for Syril 2025-2029

7: Arbeid med barneidretten

8: Informasjon om inkluderingsfondet

9: Terrengsykling i Syril

10. Godkjenning av sportsplan for fotballgruppa

Vi ynskjer gjerne å vite kor mange som kjem, og det er difor fint om du fyller ut eit veldig kort skjema dersom du skal delta:

—>Klikk her for å melde deg på Syril årsmøte<—

Vel møtt!

Sakspapir:

Sak 6:

Sak 9:

Sak 10: