Kategoriarkiv: Ski

Offisiell opning av skitrekket!

Kom og bli med på den offisielle gjenopninga av Kleppatrekket laurdag 20. januar kl 11:30.

Det blir ein kort og kjekke markering der ordførar Stig Ove Ølmheim kjem for å starte trekket og ønskje oss lykke til. Prosjektleiar og påtroppande driftsleiarar Tobias Dahle og Runar Oen vil òg sei nokre ord. Og kven veit, kanskje treff de Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Sparebanken Sogn og Fjordane i bakken!

TIl orientering:

  • Det kan bli fullt på parkering på Kleppa, gjer vel å parker smart slik at vi får plass til alle.
  • Kleppakort og heiskort blir til sals i trekkbua. Der sel vi òg plastlommer, men vi veit at det er mange som framleis har nokre gamle plastlommer liggande, så ta dei gjerne med ,så slepp de å kjøpe nye.
  • Prisar, opningstider m.m. finn du på Syril sine sider https://syril.no/anlegg/kleppa/

Opplæring heisvakter og gratis trekk i helga!

Førstkommande laurdag, 13. januar, kl. 09.00 – 11.00, blir det opplæring for dei som vil bidra med å vere heisvakt og køyre trekket i vinter. Det er fleire som har gitt beskjed om at dei vil vere med – men spre framleis ordet, så håpar vi at mange møte opp på laurdag. Opplæringa må alle som skal køyre trekket ha, uavhengig om du kan bidra mykje eller i ny og ne.

Når opplæringa er ferdig, køyrer vi trekket frå 12.00 og utøve. Satsar óg på å køyre trekket heile søndagen. Denna helga blir det gratis (med mogelegheit for å kjøpe Kleppakort og få det fysisk).

Frå og med den offisielle opninga 20. januar må ein ha plastlomme med bevis i (detta blir til salgs i trekkbua).

Dugnad og klargjering av Kleppa til vinteren

Det skjer mykje spennande på Kleppa for tiden, og onsdag 6. september var det møte i kleppahytta om planane framover. Vi har byrja å tenkje på klargjering av anlegget til vinteren, og til det krevs det dugnadsarbeid.

Det er sett av to dagar for fellesdugnad: laurdag 21. og 28. oktober,  frå kl. 10.00

Det er varierte oppgaver, og alle monnar drar, så delta så lenge du har anledning. Det blir lagt opp til ein felles pause midt på dagen med bål, niste og noko godt å bite i. 🙂

Dersom nokon ynskjer å bidra med rydding på Kleppa, men ikkje har anledning til å delta på oppsatte datoar, ta kontakt med Inga Henjum Halsnes (e-post: inga.halsnes@gmail.com).

Sjå referat frå møtet 6. september:

Kva skjer på Kleppa?

Skigruppa og prosjektleiarane for skitrekket på Kleppa inviterer til ope orienteringsmøte 6. september kl. 19.30 på Kleppahytta.

  • Orientering om ståa og framdrift for skitrekket
  • Legge plan for dugnadsarbeidet som må til for å gjere klart til vintersesongen 2023/2024, langrennstrasè og nedfart ved trekket
  • Mogelegheit for å komme med innspel. Kva ønskjer me for Kleppa, kva skal me satse på, kva tilbod ønskjer me og kva skal til for å få det til?

Me håpar fleire tek turen. Skal Kleppa utviklast vidare og leggje til rette for skiglede for barn og unge, treng me engasjement frå deg!

Vel møtt! 🙂

Helsing Tobias, Runar og Inga

Attgløymt skiutstyr på Kleppahytta

Skigruppa har gitt seg for sesongen og takkar alle for deltakelsen på arrangementa som har vore gjennom vinteren. Vi gledar oss til neste år, og håpar på gode snøforhold og aktive deltakarar!

Det betyr at skihytta er låst for sesongen, men ute på plattingen ligg det mykje skiutstyr. Noko av utstyret stammar nok frå KO, men om du saknar eit par skisko, så kan det hende det er der dei ligg.

Vel gjennomført skikarusell og Klepparenn!

Laurdag 4. februar var det mykje liv på Kleppa. Først på dagen var det skikarusell med om lag hundre ungar. Seinare på dagen var det tid for Klepparenn, og slik som i fjor så var det lagt opp til skicross.

Skicross er ei løype med meir nedoverbakkar enn oppoverbakkar. Det er laussnøkjøring, kuler, litt slalåm, hopp og kast på blink. Det var over tretti deltakarar frå 5-15 år. Flest deltakarar frå Syril, men og ein del som tok turen frå Sogndal.

Ein flott skidag!