Innbyding til skirenn i fristil

Syril inviterer til skirenn på Kleppa, med koronarestriksjon pr 1.02.21 blir det klubbrenn, blir restriksjonane letta blir det sonerenn.

Tid:       Laurdag 20. februar kl. 12.00
Stad:     Kleppa skiområde
Stil:       Fristil

Påmelding på www.minidrett.no seinast torsdag 18.02 kl. 23:59.
Syril-løperar kan melde seg til nmslinde@gmail.com

MERK! Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Dette grunna avgrensing på maksimalt 200 personar til stades på arrangementet. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette».

Klassar, løypelengder og startkontingent:

Gutar/menn Lengder Jenter/kvinner LengderStartkontingent
7 år og yngre1 km7 år og yngre1 kmKr. 50,-
8 – 10 år1 km8 – 10 år1 kmKr. 50,-
11 og 12 år 2 km 11 og 12 år2 kmKr. 50,-
13 og 14 år 3 km13 og 14 år3 kmKr. 50,-
15 og 16 år 5 km15 og 16 år5 kmKr. 50,-
17 – senior  10 km17 – senior5 kmKr  50,-

Premieutdeling med premie til alle etter rennet.
Deltakarar som er 10 år og yngre får premie rett etter målgang.

Løypekart og startliste vert lagt ut seinast fredag kveld.
Minner om krav til skilisens i forhold til gjeldande reglement, for løparar over 13år.

Fluor

Sogn og Fjordane Skikrins oppmodar om at det i alle arrangement i skikrins si terminliste kun skal brukast fluorfrie glidprodukt i sesongen 2020/21. For alle klassar til og med 16 år gjeld Norges Skiforbund sitt forbod mot fluorholdige glidprodukt.

Smittevern

På grunn av den pågåande koronapandemien er det avgrensing på  200 personar på arrangement, sida rennet er lokalt reknar vi med at det ikkje trengst å avgrense tal føresett. Skulle det etter påmelding vise seg at det blir over 200 personar, vil det bli avgrensing på tall føresette.

Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Alle må registrere seg når dei kjem til arenaen (arrangør hjelper til med registrering).

Vel møtt til skirenn på Kleppa!
Rennleiar Torunn Grut
Mobil: 91740637, torgru63@gmail.com

Invitasjon i PDF