VM Oberstdorf 2021

Det var i dag duka for 10 km kvalifisering i VM i Oberstdorf. Hjalmar viste seg svært godt fram og gjekk inn til 26. plass av 86 utøvarar frå heile verda.

Det var ein tung dag i løypa, og kroppen spelte ikkje heilt på lag.

Hjalmar

Dette viser verkeleg kva potensial Hjalmar har inne. Topp 10 tok seg vidare til 15 km på Søndag.

Det blir spennande å følgje med i morgon, då det er duka for sprint frå kl 09.00 direkte på NRK. Her møter Hjalmar Klæbo og resten av verdseliten.