Kategoriarkiv: Barneski

Skikarusell 2026

Årets skikarusell startar opp fyrstkommande laurdag, 10. januar. Møt opp i tidsrommet mellom kl. 10-12 på Kleppa.

Det er fine forhold med trakka spor på vegen, så runden blir tur/retur helikopterplassen eller så langt ein vil gå. Nede er det lite snø med grastustar som stikk opp, men det er og fint mogleg å labbe ein runde nede for dei minste.

Boka er lagt ut på Øvstestølen for dei som vil gå opp der (merk at det ikkje pr no er trakka spor opp der).

Det er også greie akeforhold og fin is på froskedammen.

Møt opp og få deg eit startnummer – gå på ski, bruk akebrettet eller gå på skøyter. Kiosken er open.

Vel møtt!

Dei andre datoane for årets skikarusell finn du på sida til langrenn: https://syril.no/ski/barneski/

Skikarusell 3.2. avlyst!

Det er fare for ein god del nedbør og vind på laurdag, så me avlyser skikarusellen denne gongen. Det kan bli utriveleg for dei minste om det skulle slå over til regn.

Neste skikarusell er ikkje før 2. mars på grunn av vinterferien og ein handballturnering, men det blir truleg sett opp ein ekstra kveldskarusell i løpet av februar.

Elles er boka på Øvstestølen eit fint turmål i mellomtida.

Vel gjennomført skikarusell og Klepparenn!

Laurdag 4. februar var det mykje liv på Kleppa. Først på dagen var det skikarusell med om lag hundre ungar. Seinare på dagen var det tid for Klepparenn, og slik som i fjor så var det lagt opp til skicross.

Skicross er ei løype med meir nedoverbakkar enn oppoverbakkar. Det er laussnøkjøring, kuler, litt slalåm, hopp og kast på blink. Det var over tretti deltakarar frå 5-15 år. Flest deltakarar frå Syril, men og ein del som tok turen frå Sogndal.

Ein flott skidag!

Skikarusell på Kleppa 2023

Skikarusellen på Kleppa startar 7. januar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren. Følg med på Facebook, det kan komma endringar. Kiosken i skihytta blir open.

  1. Laurdag 7. januar kl. 10-11
  2. Måndag 23. januar kl. 17-18:30
  3. Laurdag 4. februar kl. 10-11
  4. Laurdag 4. mars kl. 10-11
  5. Laurdag 25. mars kl. 10-11 → Premieutdeling/sesongavslutning kl. 11:30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 130 kroner og vert seld på Kleppa når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet. Dersom du har startnummer frå tidlegare, så ta det med.

Fjellturar

Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar heilt fram til premieutdeling.

Premiering

Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. (det vert premiering for alle påmeldte deltakarar) Det vert premieutdeling laurdag 25. mars.

Skikarusell 2022

Me ynskjer at flest mogeleg betalar startkontingent, 130 kr på Vipps nr 88235 (Idrettslaget Syril) Merk med Skikarusell 22 Namn.

Me manglar ein del startnummer, fint om du tek med om du har. 

Ta også omsyn til at bilen er godt skodd før du køyrer opp, og parker med omsyn til at det kjem mange bilar denne dagen. 

Vel møtt til ein kjekk skitur med mykje snø. 

Og til slutt, me prøver å halda 1-meteren.