
Kampar veke 21




Kunstgrasbana er eit stort økonomisk løft for ein liten klubb i Syril. Mykje er finansiert av Leikanger kommune/Sognekraft, Sparebanken Sogn og Fjordane samt tippemidlar. Men vi har ikkje fått midlar til innbytarbenker, kiosk og tribune. Vi håpar du vil vere med å hjelpe oss slik at vi slepp å legge enno meir på treningsavgiftene til spelarane.
Bana er delt opp i hovedsak i felt som du kan «kjøpe» for kr 3 000. Eit kjøp betyr at du får namnet ditt på plakat som vert lagt ut på syril.no og på veggen i kiosken. Det er lov å vere anonym eller bruke alias. Du kan kjøpe fleire felt.
Særfelta, det vil seie midtsirkel, straffefelt, 16-metrane og hjørna, vert selde som samla einingar og er særleg mynta på bedrifter, lag, foreining, vennegjengar eller andre som slår seg i lag for å få hand i eit større samla område. Midtsirkelen kostar kr 30 000 medan dei andre kostar kr 15 000. Det vert høve til bedriftsprofilering av desse felta. Det inneber logo på plakat på nettsidene våre og på plakaten i kiosken. Det vil òg vere høve til å få avtale om stadionreklame i tillegg.
Ta kontakt med Nils Magne Slinde (901 54 550) om du har spørsmål.

Sportsplanen og tillegg til sportsplan som vart vedteke på årsmøte finn ein her : https://syril.no/ball/fotball/
Det er sett ned ei gruppe som skal revidere sportsplanen, og legge den fram på årsmøte neste år. Denne gruppa består av Jan Tore Slinde og Kjetil Berg frå styret. Med seg i gruppa har dei personar , som i hovudsak er trenarar som representerar både vaksen-, ungdoms-, og barnefotballen i Syril. Sportsleg leiar Jan Tore Slinde leiar denne gruppa, og dei skal etter planen sette i gang med revideringa etter 17.mai.

Syril sitt damelag spelar sin første kamp for sesongen i dag. Dei møter Lærdal på heimebane kl.18. Det er første gong sidan 2010 at Syril har eit damelag. Håpar dei får ein god sesong,og at grunnlaget vert lagt for vidare satsing på damelag i Syril. Møt opp på kampen i dag og støtt opp om damelaget vårt.


For perioden 1.mai – 1.oktober er Andrea Henjesand utteken i SFFK si satsingsguppe for jenter TEAM Sogn og Fjordane. Syril gratulerar og ynskjer ho masse lukke til!
