Kategoriarkiv: Fotball

Syril-jenter på kretslaget J01

Synne Gjerde og Andrea Henjesand er uttekne på kretslaget for J 2001. Jentene skal delta på turnering den 18.september på Høddvoll stadion i Ulsteinvik. Der skal Sogn og Fjordane FK møte Nordmøre & Romsdal FK og Sunnmøre FK. 2 oktober skal dei på Eid og spele mot Sunnmøre FK.

Syril Fotball gratulerar og ynskjer dei lukke til!

Jan Tore Slinde
Sportsleg leiar

Enivest – serien J/G2003 og Akademilaget Kaupanger J2002

Team Sogn sitt sonelag J2003 skal i haust spele i ENIVEST-serien. Frå Syril er Silje Nesdal, Nora Henjesand, Snit Ogbai og Runa Vangsnes tekne ut i bruttotroppen. Første turnering er på Syril kunstgras 27-august. Alle dei 4 jentene frå Syril er med i den troppen. Sogn skal spele kampar mot Sunnfjord og Nordfjord.

Team Sogn sitt sonelag G2003 har og teke ut bruttotropp til turneringa på Syril kunstgras- Frå Syril vart Gøran Njøs og Sindre Husabø Thue tekne ut. Her er troppen til turneringa ikkje klar enno.

Akademilaget Kaupanger for J2002 har teke ut ein bruttotropp for akademiserien i haust. Frå Syril er Dina Krosshaug, Vilde Oppdal Jakobsen og Oline Kleiven tekne ut. Til kampane vert det teke ut ein tropp på 14 utespelarar og 2 keeperar. Turneringane er i Sogndal 3.september og på Eid 12.november.

Syril fotball ynskjer alle saman lukke til!

Jan Tore Slinde, sportsleg leiar

Akademiserie/soneturnering haust 2016

Sogn sitt sonelag G2002 skal i år spela i akademiserien (tre turneringar). Frå Syril er Gard Grinde og Per S Sølsnæs med i bruttotroppen og skal delta på treningane. Til turneringane vert det teke ut ein tropp på 14 utespelarar og 2 keepera.

Sundag 21. august vil det bli avholdt ei soneturnering for G2001. Dette vil vera ein referansekamp, og ein viktig del av kartlegginga for ny kretslagstropp for hausten 2016. Frå Syril er Ingemår Fosshagen, Amund Bäckstrøm og Magnus R Wolff tekne ut.

 Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til 🙂

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar