Alle innlegg av Birte Andersen

Akademiserie/soneturnering haust 2016

Sogn sitt sonelag G2002 skal i år spela i akademiserien (tre turneringar). Frå Syril er Gard Grinde og Per S Sølsnæs med i bruttotroppen og skal delta på treningane. Til turneringane vert det teke ut ein tropp på 14 utespelarar og 2 keepera.

Sundag 21. august vil det bli avholdt ei soneturnering for G2001. Dette vil vera ein referansekamp, og ein viktig del av kartlegginga for ny kretslagstropp for hausten 2016. Frå Syril er Ingemår Fosshagen, Amund Bäckstrøm og Magnus R Wolff tekne ut.

 Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til 🙂

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Info Tine fotballskule

 

I påmeldingsbrevet vart det informert om kiosksal under fotballskulen. Det vil vere kiosksal kvar dag i lunsjen utanom torsdag, då det er grilling av pølser. Grillinga skjer ca. 13.45, og det vil derfor vere lurt at ungane har med seg noko lite til lunsj tidlegare på dagen. Det vert utdelt frukt og tinedrikke (laktosefri) i lunsjen denne dagen og, slik som dei andre dagane. Det er sjølvsagt heilt i orden med nistepakke kvar dag, men om de ynskjer å planlegge kjøp i kiosken, har me desse varene: Saft 5 kr, vaffel 15 kr og baguett (med ost og skinke) 25 kr.

Syrillaga på Norway Cup

 

Då har alle laga til Syril vore igjennom gruppespelet. J 14 vann gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 15.40. G 14 vart nr. 3 i gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 11.40 i B-sluttspelet. J 16 har og vunne gruppa si, og skal spele 1/32 finale i dag kl.13.15. J 17/18/19 har vunne gruppa si, og skal spele 1/4 finale i morgon kl.12.45

Gull på Dana Cup

Dei 5 jentene frå Syril kjem heim med gull frå Dana Cup. Kaupanger har vore suverene gjennom heile turneringa. Sjølv om to av kampane blei avgjort på straffespark, så har ikkje Kaupanger sluppe inn eit mål etter ordinær tid. I finalen i dag, vann dei 2-0 over Forus & Gausel. Syril Fotball vil gratulera Syriljentene, Kaupanger og alle dei som har vore med på denne fantastiske prestasjonen.

Jan Tore Slinde
Sportsleg leiar Syril

Syrilspelarar til Dana Cup

Når Kaupanger reiser til Dana Cup, så er det med 5 Syrilspelarar i troppen. Kristi Vangsnes, Siv Hickman, Andrea Henjesand, Stine Gjerde og Synne Gjerde skal representera Kaupanger J16 under årets Dana Cup.

Desse jentene har hatt fast hospitering med Kaupanger ein gong i veka sidan i vinter/vår. Der har dei imponert, og eg har fått gode tilbakemeldingar på dei frå Kaupanger.

Dette er kjempeflott for jentene, og her er det berre å gje bånn gass 🙂

Syril Fotball ynskjer dei lukke til i turneringa.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar