Årsmøte i fotballgruppa tysdag 2. mars kl. 19:00

Stad: Kommunestyresalen Tinghuset

  1. Val av ordstyrar og sekretær, samt 2 som underskriv på referat
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Saker:
    • Forslag til revidert sportsplan
    • Forslag til revidert klubbhandbok
  6. Treningsavgift 2021
  7. Budsjett 2021
  8. Val
  9. Orientering frå styret om aktuelle saker
    • Treningstilhøve vinterstid – Vinterdrift av bana
  10. Innspel og diskusjon rundt aktiviteten i gruppa, m.a. utvikling av fotballen i Syril

Dokument finn du på heimesida til Syril  – lenke til der årmelding og dokumenta elles ligg

To saker skal handsamast. Sportsplanen er revidert. Justering og presisering av sportslege aktivitetar. Elles er omtale av  lagleiaroppgåver flytta til dokumentet:  Rollar og oppgåvebeskrivelsar.

Klubbhandboka omtalar verdigrunnlag, organisasjon og rutinar for drift av fotballgruppa, og vart vedteken på årsmøtet i fjor. Endringa no er i hovudsak tydlegare omtale av Fair Play og kapittel om Trakasering, diskriminering og rasisme.