Tine fotballskule 2018

tfs logoSida om Tine fotballskule 2018 er oppdatert.

Fotballskulen startar måndag 13. august og varer til og med torsdag 16. august. Det er fotballskule frå kl 10.00 til 14.30.

Deltakaravgifta er sett til kr 800 per deltakar, men med reduksjon til kr 450 for barn nummer to (eller fleire) i same familie (søskenmoderasjon). Bindande påmelding, med innbetaling av deltakaravgifta til konto 3781 14 13101 seinast 2. juli 2018.

Hugs å skrive på deltakarinformasjonen (namn og årskull)! Det er også viktig at de som foreldre skriv på telefonnummer slik at me kan nå dykk på i tilfelle det skulle skje noko med barnet dykkar.