Grasrottrenarkurs del 2

Bli med på Grasrottrenarkurs del 2 “Barnefotball – flest mulig med kvalitet ”.

Kretsen vil gjennomføra Grasrottrenarkurs delkurs 2 i heile Sogn. Kurset består av to samlingar på ca 4 timar på kvar samling. I tillegg kjem eit e-kurs som deltakarane gjennomfører i forkant av kvar samling på ca 1/2 time.  Kurset vert gjennomført på Kaupanger onsdag 20 juni og andre samling på Leikanger onsdag 27 juni.

Gje tilbakemelding om de ønskjer å delta på kurset til Steinar Røysum, tlf 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no så snart som mulig og seinast innan 18. juni, så vil de få tilsendt informasjon om påmelding via nett og e-kurs info.

Håper fleire av våre trenarar som ikkje har dette ser seg tid til å ta dette.

Les om trenarutdanninga NFF Grasrottrenaren
NB! Her står det feil på antall timar, kurset er på ca 8-9 timar.

Syril betaler kursavgifta.