Fotballsøndag 3. juni

Søndag er Syril stadion møteplassen i bygda!

Kiosken vert open og det blir grilling/god mat i kiosken. Ta lunsjen eller middagen på Syril stadion og sjå ungane/ungdomane våre spele fotball!

Kampprogram:

  • 11.00 Syril – Sogndal (J12)
  • 12.20 Syril – Sogndal 2 (J13/14)
  • 13.45 Syril – Dale (G13/14)
  • 15.15 Syril – Førde 2 (Senior herre)

Innmarsj med musikk for laga, speakerteneste og musikk.

3v3-turnering for miniputtar kl 11.00

Parallelt med kampprogrammet over vert det ei uformell turnering for dei yngste på 3’ar-bane.

Velkommen til ein triveleg fotballsøndag på banao!

Program for fotballsøndag 2018