Stikkordarkiv: Treningsavgift

Informasjon om treningsavgift fotball

Den 28. mai vart det sendt ut faktura på treniningsavgift for 2024. Faktura vart sendt ut frå vår leverandør Buypass AS på vegne av oss.

Ved ein feil har ein del trenarar og lagleiarar fått krav om betaling. Ein skal sjølvsagt ikkje betale treningsavgift for å vere trenar eller lagleiar. Dette vert retta opp i, og dei som har fått dette feil kan sende ein e-post til post@syril.no. De treng ikkje korrigere fakturaen sjølve.

Treningsavgift fotball 2018

På årsmøte for Syril fotball vart det vedteke at treningsavgiftene blir uendra frå 2017.

Klasse Beløp
Senior herrar 3.000
Senior damer 1.650
Aldersbestemt 1.650
Aldersbestemt 9-10 år 600
Miniputtfotball 500

Kontonummer: 3781 14 13101 eller Vipps 111103
Merk innbetalinga med: Treningsavgift <år> og spelarnamn
Spelarar som ikkje har betalt får ikkje spela!

NB! Alle må betale medlemsavgift i tillegg.

Nytt styre og treningsavgifter for fotball

Samansetninga av det nye styret finn du her: https://syril.no/ball/fotball/

Treningsavgifter finn du her: https://syril.no/ball/fotball/trening/

Vi gjer merksam på at i år er medlemsavgift/-kontigent IKKJE inkludert i treningsavgifta for senior herrer eller damer. Alle må betale medlemsavgift/-kontigent i tilegg til treningsavgifta.

Klargjering om treningsavgift miniputt

Teksten om treningsavgift under miniputt var feil. Treningsavgift for miniputt er som følgjer:

  • Miniputt: kr 500
  • Miniputt som spelar serie: kr 600

Ein skal ikkje betale begge treningsavgiftene om ein spelar serie, kun 600 kr.

Om nokon har betalt begge, ta kontakt med Birte på birte-a@hotmail.com slik at de får tilbakebetalt det som er betalt for mykje.