Frå og med tysdag 26.4 har Syril friidrett friidrettstrening for 1. – 3. klasse kl. 17:00 – 18:00. Treninga er på nye stadion. Det blir fokus på leik og utprøving av ulike friidrettsøvingar. Håpar mange vil vere med!![]()
– hovudansvarleg: Stine Mundal Aase
– tilbodet gjeld kvar tysdag fram til skuleferien
Stikkordarkiv: stadion
Status nye stadion
Baneentreprenøren har gjeve beskjed om ny utsetting. Konkret dato for oppstart er ikkje klart, men vert truleg i starten av august. Frå arbeidet med gummidekke tek til går det normalt 3 veker til ferdigstilling. Kommunen har kosta bana for oss, me ber brukarar unngå leik som grisar til asfaltdekket. Dette gjeld særskilt leik med sand i lengdegropene og grop for kulestøyt.
Oppdatert informasjon om nye stadion
Det har vore mykje arbeid og dugnad knytta til nye stadion. Mykje er gjort, men enno gjenstår det litt.
Her finn de oppdatert informasjon om nye stadion: https://syril.no/anlegg/stadion/
Litt bilete frå arbeidet med nye stadion:
Prosjekt Syril stadion 2020
No er arbeidet i gang med nytt friidretts- og fleirbruksanlegg. All informasjon om prosjektet vert lagt ut her: https://syril.no/anlegg/stadion/
Klikk dykk inn på sida for å lese informasjonsbrev om prosjektet! I informasjonsbrevet finn de og situasjonsplan av det planlagde anlegget.