Stikkordarkiv: Klyppekort

Trimkorta 2018 er i sal

No er vårvarmen på veg og Syril Trim er klar med ein ny sesong. Klyppekorta kan kjøpast hjå Små Livsgleder og Erling Røysum AS. Betal kontant eller med Vipps til 88235 med teksten «Trim», og du får utlevert kort:

  • Kort med alle 20 hovudpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre postar, fleire gonger til kr 50.

Korta kan kombinerast. Har du begge korta med deg rundt på dei 20 hovudpostane, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

I 2017 la vi ut 5 ekstra klyppetenger. Desse er plassert slik at dei med Trim 30-kortet får fleire korte turar å velje mellom. I tillegg til hovudpostane, kan ein med Trim 30-kortet klyppe her:

  1. Skoparsete (Ny i år. Klyppetang kjem på plass om litt)
  2. Hangsete
  3. Tuftahaug
  4. Raumålsgrindi
  5. Friksdal (Det kan vere lurt å sykle til Flya.)

Som tidlegare år blir det trekning av premiar på innleverte kort sesongen er avslutta. Salet av kort – kostnaden for korta går til premiar. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Trim 30 junior: Det blir eigen trekning for barn fødd i 2003 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skrive fødselsåret til barnet i tillegg til namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Turpost 2018
Foto: Kari Kitty Stadheim
Trim 30 2018
Foto: Vilde Rød Knudsen

 

Trimkorta 2017 er i sal!

Turpost 2017Trim 30 2017No er vårvarmen på veg og Syril Trim er klar. Klyppekort kan kjøpast hjå Små Livsgleder og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Om du ikkje har kontantar med deg i butikken, VIPPS beløpet til 88235 med tekst «Trim» frå butikken så får du utlevert kort.

Born: Eigen trekning for barn fødd i 2002 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Korta kan kombinerast. Kjøper du begge, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr og evt. fødselsår på baksida av korta

Nytt i 2017

Klyppetenger er flytta:

  • Hangsete går ut til fordel for Våkeldahaug (utsiktspunktet nær Kyrafossen) slik at ein får to utsiktspunkt som tek pusten av deg i Njøs-området.
  • På grunn av anleggsarbeidet i Huksdalen fram til og med 2018, vel vi å ta ein pause frå Stavsete og Nyastøl. Hest og Smørklett kjem inn att på trimprogrammet.

Det vil i løpet av sommaren bli etablert post med bok, ikkje klyppetang, ved stølsområdet i Friksdal. Ivar Henjum er sett på saken. Kanskje vankar det ein kopp kaffi når du stikk forbi.

Kart over postar

Raude stjerner = bok og tang. Blå stjerner = berre bok. Klikk på bilete for større utgåve!

kart-over-turpostar-2017

 

Trimsesongen starta

2016 TrimkortTrimsesongen er offisielt i gong. Klyppekort kan frå og med i dag, 13.04.16, kjøpast hjå Leikanger Bokhandel AS og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort.

Nytt: Eigen trekning for barn fødd i 2001 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!