Stikkordarkiv: årsmelding

Referat m.m. frå årsmøte i idrettslaget Syril

Årsmøtet i Syril vart gjennomført torsdag 27. februar i lokala til Digdir.

I årsmøtet vart handlingsplan for Syril vedteke. Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syrils visjon, kjerneverdiar og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss. Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Årsmeldinga til Syril vart også godkjent av årsmøtet, og den finn du som digital versjon her på syril sine nettsider. I tillegg vil vi trykke opp nokre eksemplar som vi vil dele ut. Dersom du ynskjer eit trykt eksemplar av årsmeldinga, ta gjerne kontakt med oss på post@syril.no.

Vi ynskjer heilt til slutt å takke alle medlemmane våre for støtten de har gitt og innsatsen de har lagt att i klubben. Vi vil også takke alle våre sponsorar som har støtta oss år etter år. Tusen takk! ❤️

Syril handlingsplan 2025-2029 – Flest mogleg, lengst mogleg

Syril årsmelding

Referat frå årsmøte Syril 2024

Etterlyser årsmeldingar

Syril skal avlevere arkiva sine til fylkesarkivet. På den måten sikrar meg god og trygg oppbevaring av materiell som dokumenterer SYRIL sin aktivitet frå 1946 og fram til i dag. Det beste dokumentet i nyare tid som oppsummerer all aktivitet i laget, er årsmeldingane. Me ønskjer difor å kunne levere det komplett for dei siste 40 års dvs. tilbake til 1980. Men til det treng me hjelp for me manglar to årsmeldingar etter at me har leita gjennom alt me har av materiale. Dersom nokon har nokon av desse to, er det fint om me enten kan overta eller låne eksemplaret for å ta ein kopi.

Dei to me manglar er:

·         2003

·         2001

Om du har nokon av desse liggande, ta kontakt med Nils Magne Slinde, tlfnr: 901 54 550, eller epost: nmslinde@gmail.com