Elektronisk fakturering av medlemskontingent

Syril innfører elektronisk fakturering av medlemskontingent. I desse dagar går det ut faktura til medlemmane våre på e-post, som e-faktura og på Vipps. Det er systemleverandøren til Syril og Norges Idrettsforbund, Buypass, som står som avsendar av fakturaen på vegne av Syril.

Elektronisk fakturering bruker medlemsregisteret til Syril. Dersom de er fleire familiemedlemmar som betaler familiekontingent i lag, anbefaler vi at de sjekkar på Minidrett.no at dei rette familiemedlemmane ligg inne i medlemsregisteret med familierelasjon.

Sjå elles Medlemskontingentsida for meir informasjon om medlemskontigenten.

Treng du hjelp? Send e-post til post@syril.no, så hjelper vi deg 🙂

Årsmøte i fotballgruppa

Stad: Møterom i 4.etasje Saften

Tid. Torsdag 7.mars kl.19

1.       Val av ordstyrar og sekretær, samt 2 som underskriv på referat

2.       Godkjenning av innkalling og saksliste

3.     Årsmelding

4.       Rekneskap

5.       Treningsavgift 2024

6.       Budsjett 2024

7.       Val

Syril inkluderingsfond – nytt tilbod frå idrettslaget

Syril har no oppretta eit inkluderingsfond for medlemmar i Syril. Målet med inkluderingsfondet er at alle born og unge som ynskjer å delta på aktivitetar i regi av Syril idrettslag skal få høve til det, uavhengig av private økonomiske tilhøve. Vi ynskjer at alle born og unge skal få eit likeverdig tilbod og unngå utanforskap grunna økonomiske utfordringar.

Vi ynskjer å gjera fondet godt kjent blant våre medlemmar, og alle særgrupper vil få informasjon om fondet som dei skal dele med sine lagleiarar og trenarar.

Gå til sida for inkluderingsfondet for å lese meir om fondet, tilhøyrande retningslinjer og om sjølve søknadsprosessen.

Årsmøte i Syril idrettslag 21. mars 24

Årsmøtet i Syril blir på Leikanger fjordhotell kl. 19-20:30, torsdag 21. mars.

Saker til årsmøtet må vera mottekne seinast 7. mars og kan sendast til post@syril.no.

Vi ynskjer gjerne å vite kor mange som kjem, og det er difor fint om du fyller ut eit veldig kort skjema dersom du skal delta:

—>Klikk her for å melde deg på Syril årsmøte! <—

Vel møtt!

Opningstider i trekket i vinterferien

I veke 8, vinterferieveka, har vi følgjande opningstider:

Tysdag: Kl. 11:30-15:30
Torsdag: Kl. 11:30-15:30
Fredag: Kl. 11:30-15:30
Laurdag: Kl. 11:30-15:30 (vanleg opningstid)
Søndag: Kl 11:30-15:30 (vanleg opningstid)

Det blir ikkje kveldskøyring denne veka.

Sjå ellers sida for Kleppa skisenter for for meir informasjon

Håpar mange tek turen opp på Kleppa i vinterferien, det er gode forhold i både bakken og i langrennsløypene! 🙂

Val i Syril idrettslag

Vi nærmar oss årsmøte og val, og valkomiteen i Syril jobba på for å fylle alle verva i klubben. Alle særgruppene skal ha sine leiarar og nestleiarar, og styret skal i tillegg ha kasserer og styremedlem. Over halvparten av verva som skal fyllast har vore på val, men valkomiteen har til tider hatt ein veldig enkel jobb – mange har takka ja til å sitte ein runde til! Det speglar kulturen i Leikanger godt, med mange som er villige til å gjera ein frivillig innsats.

Det er i dag berre eit verv som ikkje har fått eit namn bak seg på lista, og det er kasserer i hovudstyret. Dette er nok ein av dei store, men Sindre som har hatt jobben i to år, har lagt inn ein enorm innsats i å digitalisere og forenkle prosessane for både kasserer i styret, men også for kasserarane i særgruppene. Sindre har no takka for seg i dette vervet, men vil halde fram i hovudstyret, men i anna verv, og er med det ikkje langt unna dersom den nye kasseraren treng bistand.

Det er kanskje mange i bygda som vi ikkje kjenner, eller har tenkt på kan vera gode kandidatar, så om nokon har lyst å ta på seg å vere kasserar, eller har innspel til kven som kan ta over rolla, tek valkomiteen gjerne i mot forslag.

Send gjerne forslag til post@syril.no, eller ta tak i Torill Felde når de ser ho :).

Syrstrond Idrettslag