Kleppaheisen er open i morgon kl. 11.30-16.
Det minkar på snøen, men det er nok til å ta nokon grabs og ollies! Det er nokon snøfrie flekkar her og der, spesielt i dei brattaste partia, så det blir sett opp litt sperringar rundtom.
Kleppaheisen er open i morgon kl. 11.30-16.
Det minkar på snøen, men det er nok til å ta nokon grabs og ollies! Det er nokon snøfrie flekkar her og der, spesielt i dei brattaste partia, så det blir sett opp litt sperringar rundtom.
Dette er siste skikarusellen for i år med premieutdeling kl. 11.30. Alle tek med startnummeret og leverer det inn når dei får pokalen. Kiosken er som vanleg open, vel møtt!
Det blir gjensyn med Elin Ekorn og Kåre Bjørn på laurdag. Skikarusellen var så moro at dei kjem og vil delta på premieutdelinga.

Det er meldt mildvêr og mykje nedbør framover, og i kveld kan vera siste dagen trekket held opent for sesongen. Det er framleis mars, og vi veit av erfaring av snøen fort kan komme attende, men lit du på det?
Ta turen til Kleppa i kveld! ⛷️
Syril sitt G 15/17 lag i fotball treng trenar.

Syril innfører elektronisk fakturering av medlemskontingent. I desse dagar går det ut faktura til medlemmane våre på e-post, som e-faktura og på Vipps. Det er systemleverandøren til Syril og Norges Idrettsforbund, Buypass, som står som avsendar av fakturaen på vegne av Syril.

Elektronisk fakturering bruker medlemsregisteret til Syril. Dersom de er fleire familiemedlemmar som betaler familiekontingent i lag, anbefaler vi at de sjekkar på Minidrett.no at dei rette familiemedlemmane ligg inne i medlemsregisteret med familierelasjon.
Sjå elles Medlemskontingentsida for meir informasjon om medlemskontigenten.
Treng du hjelp? Send e-post til post@syril.no, så hjelper vi deg 🙂
Stad: Møterom i 4.etasje Saften
Tid. Torsdag 7.mars kl.19
1. Val av ordstyrar og sekretær, samt 2 som underskriv på referat
2. Godkjenning av innkalling og saksliste
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Treningsavgift 2024
6. Budsjett 2024
7. Val
Syril har no oppretta eit inkluderingsfond for medlemmar i Syril. Målet med inkluderingsfondet er at alle born og unge som ynskjer å delta på aktivitetar i regi av Syril idrettslag skal få høve til det, uavhengig av private økonomiske tilhøve. Vi ynskjer at alle born og unge skal få eit likeverdig tilbod og unngå utanforskap grunna økonomiske utfordringar.
Vi ynskjer å gjera fondet godt kjent blant våre medlemmar, og alle særgrupper vil få informasjon om fondet som dei skal dele med sine lagleiarar og trenarar.
Gå til sida for inkluderingsfondet for å lese meir om fondet, tilhøyrande retningslinjer og om sjølve søknadsprosessen.
Me opplev dessverre stadig at svindlarar hentar e-postadresser på personar med verv i Syril frå nettsida vår. Ver obs om du mottek e-post frå personar med verv i Syril.
Årsmøtet i Syril blir på Leikanger fjordhotell kl. 19-20:30, torsdag 21. mars.
Saker til årsmøtet må vera mottekne seinast 7. mars og kan sendast til post@syril.no.
Vi ynskjer gjerne å vite kor mange som kjem, og det er difor fint om du fyller ut eit veldig kort skjema dersom du skal delta:
—>Klikk her for å melde deg på Syril årsmøte! <—
Vel møtt!
I veke 8, vinterferieveka, har vi følgjande opningstider:
Tysdag: Kl. 11:30-15:30
Torsdag: Kl. 11:30-15:30
Fredag: Kl. 11:30-15:30
Laurdag: Kl. 11:30-15:30 (vanleg opningstid)
Søndag: Kl 11:30-15:30 (vanleg opningstid)
Det blir ikkje kveldskøyring denne veka.
Sjå ellers sida for Kleppa skisenter for for meir informasjon
Håpar mange tek turen opp på Kleppa i vinterferien, det er gode forhold i både bakken og i langrennsløypene! 🙂