Nytt dekke på Syril stadion

Alle som spelar og trenar på stadion veit at kunstgrasdekke er veldig klar for utskifting – Det har sett sine beste dagar, samstundes må ein sei at det jammen har levert varene med tusenvis av timar med treningar, kampar, leik og anna aktivitet.

Dette året jobbar vi med forarbeid knytt til søknadar, økonomi og val av dekke. Det har vore ein brei dialog med mange aktørar; mellom anna krets, forbund og fylkeskommune, samt at me har hausta erfaringar frå andre klubbar. Som mange veit er gummigranulat på veg ut, og det gjer prosessen desto viktigare knytt til val av type kunstgras.

Syril har etablert ei prosjektgruppe som jobbar dedikert med arbeidet. Gruppa består av leiar Sturle Rode Rio, Nils Magne Slinde, Sindre Ramung og Jon Edvin Jørgensen. Dei gjer ein fantastisk jobb som gjer at vi sommaren 2026 etter planen vil ha eit nytt moderne kunstgrasdekke og nytt lysanlegg på Syril stadion! Dette vil vera eit stort løft for både fotballen og bygda.

Denne veka har vi hatt storfint besøk frå anleggsgruppa i NFF som var på befaring for å utføre ein tilstandsrapport, og prosjektet jobbar målretta vidare mot realisering av prosjektet neste sommar.

Dette vil bli eit stort løft for oss – og kjem til stor glede for alle våre fantastiske fotballspelarar, trenarar og andre frivillige.

Handlingsplanen til Syril – kva klubb er vi?

Lurer du på kva Syril som klubb kan tilby og kva vi jobbar aktivt med å få til? Vel – då anbefaler vi deg å ta ein kik på handlingsplanen til Syril.

Handlingsplanen vart vedteken i årsmøtet i Syril i mars 2025.

Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syril sin visjon, kjerneverdiane og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss, og tiltak som set rammer for korleis idretten skal utførast. Vi vil framover ha eit ekstra fokus på å utvikle idretten for dei yngste, slik at vi får med flest mogleg, lengst mogleg.

Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Syril handlingsplan 2025-2029

Trimsesongen 2025 er i gang!

Syriltrim-korta er no til sals på Esso Leikanger og hjå Små livsgleder. Postane og prisen på korta er som i fjor. Me håpar mange vil ta turen ut i systrondsnaturen!

Turskildringane finn de på www.syril.no, der er det også linkar til video av turane.

Er nokre av stiane prega av vinteren slik at det bør gjerast vedlikehald, kan behovet meldast til Eva på tlf 905 59 818. Ta gjerne kontakt om du sjølv har lyst å bidra i trimgruppa eller om til dømes bøkene er utskrivne.

Det kan bli aktuelt med digital løysing for dei som ynskjer det seinare i sesongen som eit supplement til korta, men det må me eventuelt koma tilbake til.

God tursesong!

Kickoff 2025

Syril fotball inviterer til Kickoff søndag 30. mars kl. 13:00-15:00 på Syril stadion!

Som i fjor ønskjer vi å markere starten på ein ny sesong med ein triveleg dag på Syril stadion. Det vert mellom anna introduksjon av alle lag, gratis grillmat til alle spelarane våre, fotballtennis og fartsmålar der du kan måla kor hardt du skyt.

Kiosken er åpen og vi kan love god stemning, smil og fotballglede. Kanskje får vi til ein kamp mellom vaksne og barn? 😀

Heile bygda er invitert! Våre venner i Sogndal Fotball kjem også utom, og kanskje blir det og høve til å slå ein tunnel på heltane frå Sogndal 😀

Syril fotball skal vere eit tilbod for alle, og vi ønskjer å kunne tilby fotballsko, leggskinn og anna fotballutsyr til dei som ikkje har høve til å kjøpe det sjølv. Det vil difor vere ein «Stand» på stadion under Kickoffen der du kan levere inn utstyr som er i fin stand, men som ikkje lenger vert brukt i husstanden.

I år arrangerer vi og «Kickoff-lotteri» med flotte premiar. Du kan mellom anna vinne ei signert Sogndal-drakt, signert Syril-drakt og ein JBL Extreme3 høgtalar, levert av Sogn Tavle- og datamontering.

Du kjøper lodd enkelt på Vipps på nummer 111103 (Syril fotball, velg kategori «Lodd».) Kvart lodd kostar 20 kr og du kan kjøpe så mange du vil 😀 Alle inntektene frå lodda går til utstyr til barn og ungdom i Syril fotball, og er med å bidreg til at vi kan holde treningsavgiftene så låge som råd.

Hjerteleg velkomen på Kickoff søndag 30. mars klokka 13:00 på Syril stadion!

Hei, heia Syril!

Referat m.m. frå årsmøte i idrettslaget Syril

Årsmøtet i Syril vart gjennomført torsdag 27. februar i lokala til Digdir.

I årsmøtet vart handlingsplan for Syril vedteke. Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syrils visjon, kjerneverdiar og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss. Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Årsmeldinga til Syril vart også godkjent av årsmøtet, og den finn du som digital versjon her på syril sine nettsider. I tillegg vil vi trykke opp nokre eksemplar som vi vil dele ut. Dersom du ynskjer eit trykt eksemplar av årsmeldinga, ta gjerne kontakt med oss på post@syril.no.

Vi ynskjer heilt til slutt å takke alle medlemmane våre for støtten de har gitt og innsatsen de har lagt att i klubben. Vi vil også takke alle våre sponsorar som har støtta oss år etter år. Tusen takk! ❤️

Syril handlingsplan 2025-2029 – Flest mogleg, lengst mogleg

Syril årsmelding

Referat frå årsmøte Syril 2024

Syrstrond Idrettslag