Kategoriarkiv: Syril

Innsamling av sportsklede og sportutstyr til flyktningemottaket

Syril samlar inn sportsklede og sportutstyr som bebuarane på mottaket kan få disponere mens dei bur der. Vi ønskjer oss:

  1. Treningsklede (gjerne med Syril-profilering, eller nøytrale)
  2. Treningssko (fotball-/hall-/løpesko)
  3. Anna sportsutstyr (f.eks. leggskinn, knebeskyttarar, fotballar/handballar/volleyballar etc)

Klede, sko og utstyr kan leverast i kassen til innsamlinga på Barneskulen (ved Klubbhuset – sjå bilete). Kleda/skoa/utstyret bør vere i ok stand, slik at dei passar til bruk innanfor idretten. Innsamlinga varer oktober-desember 2025. Kassen blir tømt regelmessig.

Klede og utstyr kjem til å bli lånt ut på mottaket til bebuarane der. Ved avreise frå mottaket, returnerer dei utstyret, slik at andre kan få bruke det vidare. Det er mottaket som forvaltar ordninga. Innlevert utstyr blir sett på som ei gåve.

Tusen takk for bidraga dykkar!

Handlingsplanen til Syril – kva klubb er vi?

Lurer du på kva Syril som klubb kan tilby og kva vi jobbar aktivt med å få til? Vel – då anbefaler vi deg å ta ein kik på handlingsplanen til Syril.

Handlingsplanen vart vedteken i årsmøtet i Syril i mars 2025.

Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syril sin visjon, kjerneverdiane og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss, og tiltak som set rammer for korleis idretten skal utførast. Vi vil framover ha eit ekstra fokus på å utvikle idretten for dei yngste, slik at vi får med flest mogleg, lengst mogleg.

Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Syril handlingsplan 2025-2029

Referat m.m. frå årsmøte i idrettslaget Syril

Årsmøtet i Syril vart gjennomført torsdag 27. februar i lokala til Digdir.

I årsmøtet vart handlingsplan for Syril vedteke. Dette er fyrste handlingsplanen til Syril, og alle særgruppene har delteke aktivt i å utvikle denne saman for idrettslaget. I handlingsplanen kan du lese om føremålet til planen, Syrils visjon, kjerneverdiar og måla til klubben. I tillegg finn du ein tiltaksplan som listar opp tiltak som vi ynskjer å gjennomføre for å oppnå måla vi har sett oss. Vi håpar alle vil lese denne planen og bli betre kjent med Syril som klubb.

Årsmeldinga til Syril vart også godkjent av årsmøtet, og den finn du som digital versjon her på syril sine nettsider. I tillegg vil vi trykke opp nokre eksemplar som vi vil dele ut. Dersom du ynskjer eit trykt eksemplar av årsmeldinga, ta gjerne kontakt med oss på post@syril.no.

Vi ynskjer heilt til slutt å takke alle medlemmane våre for støtten de har gitt og innsatsen de har lagt att i klubben. Vi vil også takke alle våre sponsorar som har støtta oss år etter år. Tusen takk! ❤️

Syril handlingsplan 2025-2029 – Flest mogleg, lengst mogleg

Syril årsmelding

Referat frå årsmøte Syril 2024

Årsmøte idrettslaget Syril 27. februar 2025

Årsmøtet i Syril blir avholdt på Digdir i Skrivarvegen 2, kl. 18-19.30, torsdag 27. februar.

Agenda:

1. Konstituering av møte

  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Val av ordstyrar og referent
  • Val av to medlemmar til å skrive under protokoll

2. Godkjenning av årsmelding og rekneskap 2024

3. Medlemskontigent for 2025

4. Budsjett 2025

5. Val

Innkomne saker

6.: Vedtak av handlingsplan for Syril 2025-2029

7: Arbeid med barneidretten

8: Informasjon om inkluderingsfondet

9: Terrengsykling i Syril

10. Godkjenning av sportsplan for fotballgruppa

Vi ynskjer gjerne å vite kor mange som kjem, og det er difor fint om du fyller ut eit veldig kort skjema dersom du skal delta:

—>Klikk her for å melde deg på Syril årsmøte<—

Vel møtt!

Sakspapir:

Sak 6:

Sak 9:

Sak 10:

Godt nytt år!

Vi håpar at alle har komme seg trygt gjennom romjula og nyttårsfeiringa, og at de er klare til å starte 2025. Det er vi!

Vi ynskjer å nytte anledninga til å takke alle medlemmane våre for støtte og bidrag i år, igjen. Både dei faste beløpa de gir til Syril år etter år, at de stiller opp som utøvar, støtteapparat eller publikum. Tilbakemeldingane vi får når vi møter dykk ute er også kjærkomne. Då kjem det både tips og innspel til arbeidet vårt, ris og ros.

Vi høyrer stadig om at dugnadsanda er nedgåande – vi er i ferd med å gå frå å vera støttande og oppmuntrande til å vera kravstore kundar. Status som frivillig er ikkje som den var. Det kan godt vera er tilfelle nasjonalt, men her i Leikanger opplev vi ikkje at stoda er heilt slik. Vi opplev ei bygd som stiller opp og som bidreg der det er behov, og litt til :). Vi får klapp på skuldrane når vi møter innbyggjarar på butikken, og vi får skryt for at vi tek på oss verva og oppgåvene vi gjer. Etter kvar einaste arrangement i hallen, på bana eller  på Kleppa kjem det nokon som ynskjer å takke for innsatsen og for eit flott arrangement. Det varmar! Den skryten skal ikkje stoppe hjå oss, men skal velfortent fordelast vidare til alle dykk som gjer dette mogleg og som verkeleg fortener den.

2024 har vore eit hendingsrikt år i Syril, og vi forventar at 2025 blir like eins. Og det gledar vi oss til. Hovudstyret har jobba i år med handlingsplan for Syril og vil samla presentere og vedta den på årsmøtet som kjem allereie i slutten av januar. Den vil gi oss retning og føringar for korleis vi skal jobbe med idretten i Syril dei kommande åra. Allidretten har fått stor plass i handlingsplanen, og målet er å løfte allidretten og få den meir integrert i alle idrettane, spesielt for dei yngste kulla. I tillegg har vi også store prosjekt i emninga – Syril stadion vil få seg eit kjærkommen løft dei kommande åra. Her er det dags for både bytte av dekke på kunstgrasbana og oppgradering av klubbhuset.

I og med at årsmøtet kjem litt tidlegare enn vanleg, i slutten av februar, så vil det også vera enkelte som får telefon frå valkomiteen dei neste vekene. Og grunnen til at akkurat du blir ringt, er ikkje tilfeldig. Mest sannsynleg har du blitt føreslått av nokon som kjenner deg og som tenkjer du vil vera godt egna. Men, det kan godt vera tilfeldig at du ikkje blir oppringt. Mest sannsynleg fordi vi veit du allereie har mykje på gang, eller at vi rett og slett ikkje kjenner deg. Då må du gjerne ta kontakt! Å delta som frivillig er ein ypparleg måte å bli kjent med bygda og innbyggjarane på, og det er sosialt og morosamt! Du treng heller ikkje ha born i idretten for å stille opp:). Dei aller fleste verva er allereie tekne – mange ynskjer å halde fram, som er gledeleg – men, nokre har med tungt hjarte måtte sei nei til vidare innsats akkurat no. Det skjønnar vi godt – alt til sin tid.

Heilt til sist ynskjer vi å takke våre gode sponsorar. Støtta de gir er uvurdereleg og vi kan ikkje få takka dykk nok for bidraga de gir.

Helsing Elianne og Sindre, leiar og nestleiar i Syril.

Sparebank1 Sogn og Fjordane inngår ny hovudsponsoravtale med Syril

Sparebank1 Sogn og Fjordane har signert ein ny 3-årig hovudsponsoravtale med Syril, som gjeld for perioden 2025-27.

– Sparebank 1 Sogn og Fjordane er veldig glade og stolte for å inngå ny avtale med Syril. Kjekt å få vera med vidare, og få vera med å vidareutvikla idrettslaget, seier Laila Ruud, banksjef for privatmarknaden i Sparebank1 Sogn og Fjordane.

–  Samarbeidet mellom Sparebank1 Sogn og Fjordane og idrettslaget Syril vidarefører eit langt og godt samarbeid, som har røter heilt tilbake til Syril sine første dagar. Dette er eit sterkt døme på korleis idrett og næringsliv kan spele saman for å skape verdiar og utvikling, seier leiar i Syril, Elianne Eggum.

Syril oppmodar alle medlemmar og støttespelarar til å velje Sparebank1 Sogn og Fjordane!

Spørsmål om avtalen kan eventuelt rettast til leiar Elianne Eggum, (post@syril.no).