Kategoriarkiv: Syril

Årsmøte Syril fotball

Vel møtt til årsmøte for Syril fotball, torsdag 5. mars klokka 18:00 på Statens hus.

Agenda: 

  • Status frå styret og gjennomgang av årsmelding
  • Budsjett
  • Status for nytt kunstgras på Syril stadion
  • Innmeldte saker

Frist for innsending av saker til årsmøte er onsdag 25. februar. Saker sendast til erlend.husabo@digdir.no

Helsing Styret i Syril fotball

Klepparennet 2026, 8.februar

Headerbilde for Klepparenn - Skicross

Søndag 8. februar kl. 12 er det duka for skicross på Kleppa! Rennet blir gjennomført som skicross, i ei kompakt, men artig løype på ca 1km.

Snøforholda begrenser oss litt, men me gjer det beste ut av det.

Arangementet vil bli arrangert som ein sprint med prolog og individuell start, og deretter blir det satt opp heat fra klasse 11 år og eldre. Klassane 11 år og yngre vil òg få moglegheit til å gå fleire gonger.

Me ser fram til ein strålande dag på Kleppa, med masse leik og moro på ski.

Tre nye år med Sognekraft som hovudsponsor!

Syril er glade for å kunne kunngjere at vi har inngått ny treårig hovudsponsoravtale med Sognekraft for 2026-28!

Sognekraft sin visjon er å vere ei drivkraft i Sogn. Gjennom hovudsponsoravtalen bidreg Sognekraft til Syril sitt arbeid med å tilby idrett for alle, og set krefter i sving på Leikanger. Vi set stor pris på dette samarbeidet!

Hovudsponsoravtalen dekkar profilering på Syril sine aktivitetar, anlegg og arrangement, deriblant Kjeringi Open og Stavsete skifest. 

Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Syril

Tid: Tysdag 2. desember kl. 19

Stad: Skrivarvegen 2 (Digdir) / Teams

Agenda
Sak 1: Godkjenning av investeringsprosjekt for kunstgrasbana og det tilhøyrande lysanlegget

Protokoll frå ekstraordinært årsmøte:

Syril volleyball i farta!

Syril volleyball har hatt eit innhaldsrikt år, og gruppa har utvikla seg i takt med dette.

Dei fleste kjenner nok til Syril volleyball som eit enkelt tilbod under trimgruppa. Men, i 2024 vart volleyball etablert som ei eiga særgruppe, og har sidan då brukt mykje tid på planleggje og byggje opp nye tilbod. Dette har resultert i at vi no etablerer eit A-lag, tilbod for minivolleyball for born, tilbod til asylmottaket og etterkvart ein open hall for ungdom. Dette har vi gjort samtidig som vi har behaldt trim og moro for alle og einkvar.

Styret for 2025 er: Martin F. Stølen (leiar), Christian Kleiven (nestleiar), Paula Snook (sportsleg leiar), Brage Navarsete (sandvolleyball), Anatolii Yashyn (integrering) og Borgtor Bøyum (kasserar). 

Noko av det som har skjedd så langt i år er:

  • A-laget er no under etablering, og har i haust vorte invitert til å spele treningskampar mot fleire av dei etablerte laga i området, med motstand på 2. og 3. divisjonsnivå. Kjempegøy at vi har ein kjerne på 10–15 spelarar som er interesserte i dette. Vi jobbar no med å finne eit opplegg for meir fast seriespel, anten i lågaste divisjon eller i eigen regionserie/turnering.
  • Vi har jobba mykje med integrering, og har ein eigen representant frå Ukraina i styret som arbeider opp mot asylmottaket. Heile året har vi hatt stor interesse og deltaking frå mottaket. Dei er så mange at dei har eiga bane kvar trening. Dette er unge og vaksne frå heile verda, som finn trening, avkopling og samhald hos oss i Syril.
  • Våren 2025 prøvde vi ut treningar med minivolleyball som ein del av fleiridretten for fleire av dei yngre kulla. Minivolleyball er utvikla av NVBF, med Kåre Mol i spissen, som eit pedagogisk og allsidig opplegg for å få born interesserte i balleik over nett. Vi gjennomførte òg eit trenarkurs på Leikanger i regi av NVBF, og har fått eigne lette minivolleyballar, longnett og anna utstyr gratis frå forbundet. Denne vinteren håpar vi å introdusere meir minivolleyball for dei kulla som er interesserte.
  • Vi planlegg å starte opp med treningar retta mot ungdom måndags ettermiddagar. Meir informasjon om det kjem på Facebook, på Syril.no og informasjon på ungdomsskulen i løpet av dei næraste vekene.

Volleyballgruppa trenar denne sesongen tysdagar og torsdagar 20:00–22:00, med tre baner parallelt: A-laget, open klasse/trim og asylmottaket. Vi har ofte 20–30 spelarar på trening – det er inspirerande. 

Velkomen på trening, uansett nivå, for alle frå 13 år og oppover!

Styret i Syril Volleyball

Pilotprosjektet Syril-rekruttar – vi vil ha dine innspel!

Vi i Syril har jobba med eit nytt prosjekt som vi har kalla Syril-rekruttar. Målet er å gjere idretten meir tilgjengeleg, variert og motiverande for dei yngste – og å skape gode opplevingar som gjer at fleire barn held fram i idretten lenger.

I fyrste omgang ynskjer vi å prøve dette ut som eit pilotprosjekt for 2020- og 2019-kulla, men ambisjonen er at det etter kvart kan bli ein fast måte å trene dei yngste på i Syril.

Presisering (pr 07.11.25): Dette prosjektet vil altså kun gjelde det fyrste kullet, dvs. 5-6 åringane, det fyrste året dei er medlemmar i Syril. Og det vi no ynskjer å få svar på, er om det er stemning for å prøve dette i eitt år.

Endeleg avgjersle på om vi prøver ut piloten, blir teken i hovudstyremøtet til Syril i desember.

Forankring og medverknad

Dette prosjektet skal ikkje «innførast ovanfrå». Vi ønskjer at det skal forankrast godt hos foreldre, trenarar og særgrupper før vi set det i gang for alvor. Alle særgruppene har gitt sine tilbakemeldingar, og no vil vi høyre frå deg!

Vi veit at mange har verdifull erfaring, gode idéar og ulike perspektiv på korleis idretten for dei yngste bør vere – difor ønskjer vi innspel frå alle.
Har du tankar, forslag eller spørsmål? Alle tilbakemeldingar blir tatt med i det vidare arbeidet med prosjektet.

Kva går prosjektet ut på?

I dag tilbyr vi hovudsakleg handball, fotball og friidrett til dei yngste.
Forsking viser at barn som får prøve fleire idrettar utviklar betre rørsleferdigheiter, held betre på motivasjonen – og har det rett og slett meir gøy.

Difor vil vi no prøve eit heilårsopplegg der ca. ein av fire treningar blir brukt til andre aktivitetar enn dei vanlege. Vi vil skape ein kultur der det er aktiviteten og leikegleda, ikkje idrettsgrenen, som står i sentrum når barna er 5–7 år.

Dette er faktisk noko vi har gjort ei stund i handballen, der barneidrett er ein naturleg del av treningane. Med Syril-rekruttar ønskjer vi å vidareføre denne tanken til alle idrettane – gjennom heile året.

Ski held fram som før, sidan det er blanda kull og avhengig av vêret.

Kven gjeld det for?
Pilotprosjektet startar for alvor med 2020-kullet, men vi ønskjer at 2019-kullet kjem i gang allereie no. Då får vi verdifull erfaring og kan justere opplegget før pilotåret startar.
Dersom prosjektet fungerer godt, vil det etter planen bli fast praksis for alle nye kull frå 2027.

Korleis blir det organisert?
Organiseringa byggjer vidare på den strukturen vi har i dag:

  • Kvar treningsgruppe har lagleiar og trenarar for inne- og utetreningar
  • Trenarane får støtte frå sine særgrupper, både i form av kursing, opplæring og utstyr (fotball, handball, friidrett)
  • Vi legg inn alternative treningar etter ein felles årsplan, der dei vanlege trenarane får med seg  kompetanse etter behov (innebandy, minivolleyball, etc.)
  • Foreldre får høve til å bidra med eigne idrettar eller aktivitetar

Har du erfaring frå ein annan idrett – til dømes innebandy, turn eller sykkel – kan du bidra med éi eller to treningar gjennom året. Det er både enkelt, sosialt og gjev ungane variasjon!

Vi har mange dyktige trenarar i Syril, og dei får framleis kurs, rettleiing og støtte frå sine særgrupper. I tillegg ønskjer vi å tilby kursing i barneidrett for dei som vil lære meir.

Kvifor gjer vi dette?

  • For å styrke rekrutteringa og halde på fleire barn lenger
  • For å gi både foreldre og barn betre kjennskap til klubben
  • For å svare ut eit ønske frå foreldre om eit meir variert og fleksibelt opplegg
  • For å støtte opp under Syril sitt samfunnsoppdrag om trygg, inkluderande og helsefremjande aktivitet

Kva får kulla som deltek i piloten?

  • Eigne midlar til utstyr og sosiale tiltak
  • Gratis treningsavgift for 1. klasse og redusert avgift vidare
  • Goodie-bag og eigne «Syril-rekrutt» t-skjorter

Merk at dette ikkje vil påverke økonomien til særgruppene, som blir kompensert for treningsavgift som fell bort.

Korleis blir prosjektet utvikla vidare?

Prosjektet har blitt til gjennom arbeid med Syril sin handlingsplan 2025–2029, og i tett samarbeid mellom særgrupper, AU og barneidrettsansvarleg.

No ønskjer vi å forankre det breitt, med innspel frå foreldre, trenarar og medlemmar før vi bestemmer den endelege forma og om det skal prøvast ut.

Dersom vi prøver det ut, og etter at pilotåret for 2020-kullet er over, tek vi ei samla evaluering på kva vi gjer vidare. Då avgjer årsmøtet i 2027 om dette skal bli fast praksis.

Vi vil høyre frå deg!

Alle særgruppene har komme med sine innspel. Vi håpar du engasjerer deg – både med idéar, spørsmål, ros og konstruktive innspel.
Klikk på lenkja under for å svare på spørjeskjemaet innan 9. november:

Tilbakemeldingar på prosjektet Syril-rekrutt. – Fyll ut skjema

Alle innspel er viktige for å sikre at Syril-rekruttar blir eit godt og forankra prosjekt – laga av oss, for oss.

Ynskjer du å lese meir om prosjektet?
Klikk her for å lese den lange versjonen av infoskrivet 🙂