Det blir dessverre ikkje skikarusell i morgon heller, laurdag 28. jan, pga ski- og føreforhold 😦
Kategoriarkiv: Barneski
Skikarusell 21.01.17 avlyst
Det varme veret har teke mykje av snøen så karusellen er avlyst.
Det er betre med snø oppover mot Øvstestølen, så vi oppmodar om å gå ein tur opp dit om de vil på skitur. Det ligg bok i varmebua der oppe.
God tur!
Skikarusell 2017
Skikarusell på Kleppa på søndag 7. februar.
Det er også Klepparennet denne dagen. Klepparennet startar kl. 13, skikarusellen startar ca. kl. 13:30. Det vert ikkje høve til å starte på skikarusellen før alle løparane som deltek på Klepparennet er komne i mål. Dette for å unngå at skiløparar vert gåande i vegen for kvarandre.
Det er eit fint høve for dei litt større ungane til å prøve seg som deltakar på langrennsarrangement. Rennet går i fristil, men det er heilt ok å gå vanleg klassisk. Løparar som er 10 år og yngre skal gå 1 km.
Påmeldingsfrist er fredag 5.februar. Påmelding til rune.kjorlaug@difi.no. Syril dekkar startkontigenten.
Det vert kiosk på skihytta.
Laurdag – første skikarusell
Årets skikarusell på Kleppa startar no på laurdag 23. januar. Vi satsar på at forholda held seg så det framleis vert fint å gå nede på Kleppa.
Påmelding og utdeling av startnummer er i skihytta. Start mellom kl. 13 og 14. Det er open kiosk.
Barneskigruppa er klare til innsats, og håpar at det kjem mange unge og ivrige skiløparar!
Skikarusell på Kleppa 2016
Skikarusellen på Kleppa startar 23. januar. Det er planlagt 6 renn i løpet av vinteren:
- Laurdag 23.januar kl. 13-14
- Laurdag 30. januar kl. 13-14
- Søndag 7.februar, Klepparennet
Tidspunkt ikkje avklara. - Laurdag 27. februar kl. 13-14
- Laurdag 5.mars kl. 13-14
- Laurdag 12.mars kl. 13-14
Premieutdeling/sesongavslutning kl. 14.30.
Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta. Det kan bli aktuelt med ski-instruksjon ein eller fleire gonger i samband med skikarusellen, datoar for dette kjem vi tilbake til.
Skikarusellen er eit tilbod til born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta når det er karusellrenn. Det er gratis å vere med for dei som har Kleppakort. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet.
Fjellturar
Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 6. mars.
Premiering
Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle med 4 poeng eller meir. Premieutdeling laurdag 12. mars.
Distansemerke: Det vert lagt ut foldarar for distansemerke på Skihytta. Evt. kjøp av distansemerke må den enkelte familie syte for sjølv.
