Årsmelding og protokoll frå årsmøte 2023

22. mars 2023 gjennomførte Syril årsmøte på kontora til Digdir. Det kom representantar frå alle gruppene, bortsett frå fotball og trim som i forkant hadde meldt inn at dei dessverre ikkje hadde anledning til å stille.

Val

Det vart gjennomført val, og valkomiteen kunne gladleg annonsere at dei hadde fått fylt alle verva. Syril AU held fram som sist, mens vi finn nye ansikt i to av særgruppene – friidrett og trim har fått nye leiarar. Vi ynskjer Torhild Brudvik (friidrett) og Eva Hamre (trim) velkomne i styret til Syril!

Arbeid framover i Syril AU

Det viktigaste Syril AU kjem til å jobbe med framover vart også presentert på møtet. Dette inkluderer blant anna arbeid med å få opp lys på friidrettsbana, drift i trekket på Kleppa og ny ansvarleg for Syril-bussen, for å nemne nokre. I tillegg har vi dei årlege aktivitetane som Stavsete skifest og Kjeringi open som nå er rett rundt hjørnet. I tillegg til Syril AU, er det mange utanom styret som bidreg stort for å realisere alle desse prosjekta. Tusen takk!

Nedanfor finn de lenkje til protokoll frå møtet, og årsmelding for 2022:

Årsmelding 2022

Protokoll årsmøte Syril 2023