Månadens fairplay!

Sogn og Fjordane fotballkrets ønskjer også i år å sette fokus på dei gode hendingane i fotballkvardagen som gjer fotballbana til ein betre stad å vere for store og små med kåring av Månadens Fair play.

Basert på innsende forslag kårar kretsen kvar månad i sesongen (mai, juni, august, september) ein vinnar. Det er viktig at nettopp DU engasjerer deg, og sender kretsen forslag på gode opplevingar du har hatt på eller ved fotballbana.

Send DITT forslag med ei kort grunningiving på Månadens Fair play til: hildegunn.hove@fotball.no innan den 30. i kvar månad i sesongen, og vedkomande er med i kåringa.

Vinnaren får besøk, premie og behørig merksemd frå representantar frå NFF Sogn og Fjordane, og det blir publisert på kretsen sine nettsider og Facebook.

Kretsen ser fram til å høyre dei gode historiane! 🙂