Stikkordarkiv: Samling

Andrea Henjesand utteken til Landsdelssamling

 

Andrea Henjesand

I dag vart Andrea Henjesand (J15) utteken til Landsdelssamling i Trondheim 31.mars til 3.april.Landsdelssamlingar er ein del av landslagsskulen, der NFF ynskjer å kartlegge og skulere aktuelle landslagsutøvarar. Målet er at spelarane skal få ytterligare motivasjon og inspirasjon til vidare satsing. Imponerande prestasjon av Andrea. Syril ynskjer ho lukke til.

Tur til Hemsedal

Første helga i desember reiste langrennsgruppa i Syril til Hemsedal, heimplassen til hovudtrenaren vår Simen Bækken, for å førebu sesongen. Andreas og Klaus, Erlend, Sverre og Trygve nytta både skøyteskia og dei klassiske skia i dei preparerte langrennsløypane på Gravset. Laurdagen fekk Sverre og Trygve testa forma i sesongen første skirenn, men smøreteamet var ikkje heilt førebudd. Glida var ikkje det beste, men feste var godt på det våte føret (Rode spesial). Ein kjekke tur med god mat og hyggeleg lag!