I morgon, laurdag 19.mars spelar Syril innleiiande kamp mot Jotun på Syril kunstgras kl.13.00. Møt opp og hei fram jentene.
Kjempebra jobba av dugnadsgjengen som har fått bana fri for snø til kampen!
I morgon, laurdag 19.mars spelar Syril innleiiande kamp mot Jotun på Syril kunstgras kl.13.00. Møt opp og hei fram jentene.
Kjempebra jobba av dugnadsgjengen som har fått bana fri for snø til kampen!

Syril sine jenter gjekk heilt til topps under KM sluttspel i Førde i dag. Dei vann alle kampane sine, og enda opp med ein målskilnad på 24-0.Kjempebra jobba av jentene, og teamet rundt dei. Gratulerar til alle saman.
Førstkommande laurdag og sundag er det KM futsal sluttspel i Førde. 2 lag frå Syril gjekk vidare frå kvalifiseringa på Leikanger første helga i februar, og 1 lag gjekk vidare frå kvalifiseringa i Øvre Årdal same helg. J13 skal spele laurdag, J14 og J16 skal spele sundag.
For fullstendig kampoppsett trykk her: http://www.fotball.no/Documents/Kretser/Sogn_og_Fjordane/KM/2016/KM-aldersbestemt%20Futsal/Kampoppsett_KM_Sluttspel%20nettutg%c3%a5ve.pdf
For resultatservice, trykk her: http://www.profixio.com/matches/sparebankensfjkmfutsalaldersbestemt2016/d/dag/2016-03-05
11.-13.mars skal SFFK sitt kretslag for J16 til Sotra for å spele kretslagsturnering. Der skal dei spele mot kretslaga i Akershus, Trøndelag og Indre Østland. 4 jenter frå Syril er tekne ut til denne turneringa. Det er Stine Gjerde, Siv Hickman, Andrea Henjesand og Kristi Vangsnes. Syril gratulerar jentene med uttaket, og ynskjer dei lukke til.