Stikkordarkiv: Futsal

KM futsal sluttspel i Førde

Førstkommande laurdag og sundag er det KM futsal sluttspel i Førde. 2 lag frå Syril gjekk vidare frå kvalifiseringa på Leikanger første helga i februar, og 1 lag gjekk vidare frå kvalifiseringa i Øvre Årdal same helg. J13 skal spele laurdag, J14 og J16 skal spele sundag.

For fullstendig kampoppsett trykk her: http://www.fotball.no/Documents/Kretser/Sogn_og_Fjordane/KM/2016/KM-aldersbestemt%20Futsal/Kampoppsett_KM_Sluttspel%20nettutg%c3%a5ve.pdf

For resultatservice, trykk her: http://www.profixio.com/matches/sparebankensfjkmfutsalaldersbestemt2016/d/dag/2016-03-05

Syril tok andreplassen i KM Senior Futsal

Syril-jentene sluttar ikkje å imponere: I KM senior futsal i Førde i dag, kapra dei 2.plassen, hakk i hæl på Balestrand, som blei vinnar med 2 mål meir skåra enn Syril-jentene😊 I seriespelet slo Syril Balestrand jentene, og det var tapet mot Kaupanger 2-0 som "øydela" for at nok eit km gull blei gul-svart. 2. plass-pokal er slett ikkje verst det heller 😁😉